Madonna tilbake på landevegen
Madonna sin fenomenale suksess Sticky & Sweet Tour, er alt den mest innbringande turnéen nokon gong, for ein soloartist. Og 4. juli er ho tilbake på landevegen, med ein forlengelse av turnéen. Det heile startar i London, og turen går innom byar ho aldri har besøkt før. Og Oslo er ein av dei. For alle […]
Madonna sin fenomenale suksess Sticky & Sweet Tour, er alt den mest innbringande turnéen nokon gong, for ein soloartist. Og 4. juli er ho tilbake på landevegen, med ein forlengelse av turnéen. Det heile startar i London, og turen går innom byar ho aldri har besøkt før.
Og Oslo er ein av dei. For alle norske Madonna fans, get ready for some sticky & sweet moments om nøyaktig seks månadar. For torsdag 30. juli stoppar turnebussen i Oslo og på Vallehovin!
I 2008 blei turnéen Sticky & Sweet sett av over 2.350.285 fans i 58 byar og med rekordstort billettsalg overalt. Med seg på turen har ho ein spesiell gjest, nemlig Dj`en Paul Oakenfold. Han har i lang tid vert eit av dei viktigaste navna, i den moderne club-kulturen. Han har remiksa blant anna The Rolling Stones, U2, Madonna, Justin Timberlake, Snoop Dog, Muse og så vidare. Han har også produsert The Happy Mondays. Vert Grammy-nominert to gonger og står oppført i Guinness Rekordbok som verdas største DJ.
Ikkje verst berre det, altså.
Uansett, billettane for konserten blir lagt ut for salg 9. februar kl. 09.00. Og noko seier meg at ein ikkje bør nøle særlig lenge om ein har lyst å få med seg denne konserten. Det blir nok fort utsolgt.
Nevnte vi at Madonna er 50 år? Det er heilt sant.
Tags: billettsalg, elvis presley, Justin Timberlake, konsert, Madonna, masive attack, Muse, New Order, oslo, paul oakenfold, snoop dog, sticky&sweet, The Cure, The Rolling Stones, turne, U2, vallehovin
Hjelp!
Det bildet var alt annet enn sexy. Var vanskelig å ikke stirre rett i hiet.
er det ikke slik hun alltid er da?
.. ekkel altså.
Finner rockere som skjuler manglende tekniske og musikalske ferdigheter under solbriller, helskjegg og joggedress langt verre -og ikke minst patetisk. Madonna er full pakke. Ingen over, ingen ved siden!