Foto: Rashid Akrim, NRK P3

Foto: Rashid Akrim, NRK P3

Sivert Høyem - Long Slow Distance

Mørk langdistanse

Sivert Høyem har pakka haustmørket inn i albumformat med Long Slow Distance – og kven kan vel gjera det betre enn nettopp han?

Skrevet av:
Publisert 19:22 19 september, 2011

Hausten har til no i år vore usedvanleg våt og dyster. Meterologane har hendene fulle med å registrera nedbørsrekordar og halda nyfikne journalistar oppdaterte på utviklinga, medan tungsinnet som la seg over kongeriket Noregs innbyggjarar i løpet av sommaren framleis klorar på folkesjela med skitne neglar.

Å sleppa Sivert Høyems fjerde soloalbum ut i dette farvatnet er heilt passande: Med Long Slow Distance leverer Høyem sitt eige, høgst personlege bidrag til haustmørket. Til trass for dyster tematikk og eit dertil passande lydbilete er det eit betryggande stødig album, som peikar seg ut som ein naturleg følgesvenn på vegen inn mot vinteren.

«Under Administration» er ei ruvande opning, og lovar samstundes om eit album der det kreative grepet har blitt løsna for å kunne sleppa til nye inspirasjonskjelder. Styrka som ligg i låta opnar seg kanskje ikkje for lyttaren før etter eit par rundar i spelaren (noko som òg kan seiast om albumet for øvrig), men så snart sløret av skarp gitar, mektig melodi og presise synthlinjer har lagt seg skikkeleg over nervane, vert det klart at dette er Høyem opp mot sitt beste.

Dei to neste spora, tittellåta og «Give It A Whirl», forsterkar kjensla av å ha funne ei trygg musikalsk hamn. Utover albumet endrar likevel grunnen ein har under føtene seg fleire gongar: Long Slow Disance byr på variert topografi, der melodisk lågterreng brått kan avløysast av steile, stormfulle høgder.

Den unike autoriteten i stemma til Høyem har med tida vorte rekna som ein av musikknoregs nasjonalskattar, og er også på Long Slow Distance ein samlande faktor. Det instrumentale bakteppet er vevd av nokon av Høyems faste følgjesvenar, og det står svært godt til den klangfulle vokalen.

Musikalsk bevegar Long Slow Distance seg i retning av dei siste tiåras alternativrock (var det nokon som snakka om 1991s påverkningskraft?), med industrielle undertonar og ei aning meir kaos enn tidlegare. Renate Knaup frå Amon Düül og Harry’s Gym/I Was A Kings Anne Lise Frøkedal tilføyer fleire stader saumlause, men interessante, lag med koring  – kanskje spesielt godt gjer fyrstnemnde det på den mørke «Animal Child».

Tilhengjarar av musikk-som-poesi må finna seg i å svelga eit par kamelar ved gjennomlytting av Long Slow Distance. Det er få som kjem unna med tekstlinjer som «Here’s a chance to come alive / To fill that emptiness inside» («Trouble»), og kanskje er det filteret av framadspråk som gjer at ein overhøyrer dei mest direkte utsegna frå Høyem. Samstundes er det ein ikkje ubetydeleg musikalitet i språket, som mellom anna kjem godt fram på nemnde»Animal Child». Tematisk teiknar tekstane eit bilete av einsemd («Long Slow Distance»), apokalyptisk dystopi («Red On Maroon») og sakn («Father’s Day»).

Det er nærliggande å skildra Long Slow Distance som eit svært verdig album. Sivert Høyem står med haka høgt heva gjennom last og brast, nær og fjern på same tid. Musikalsk tek han fleire sjansar enn ein kunne venta seg frå ein artist med så klare utsikter til å treffa breitt, men resultatet er eit album det er desto meir givande å bruka tid på. Fram til vinteren, og endå lenger.

Maria Horvei

 

Del "Mørk langdistanse"
 

2 kommentarer på “Mørk langdistanse”

  1. a sier:

    Hvis man ikke liker Madrugada, blir det terningkast 2 da?

  2. [...] Les anmeldelse: Sivert Høyem – Long Slow Distance (5/6) [...]

Legg igjen en kommentar