Sufjan Stevens gleder fansen med nytt album (Foto: John Lenzioni)

Sufjan Stevens gleder fansen med nytt album (Foto: John Lenzioni)

Lytt til Sufjan sitt nye album

Sufjan Stevens sitt etterlengta album The Age Of Adz kan streamast gratis fram til plateslepp i midten av oktober.

Skrevet av:
Publisert 14:26 28 september, 2010

Det er framleis nokre veker til Sufjan Stevens sitt nye album, The Age Of Adz, kjem i butikkane, men er du utolmodig fins det likevel råd. Fram til releasedatoen 12. oktober kan du streama albumet i si fulle lengde frå denne sida.

Ser ein vekk frå EP’en All The Delighted People,  som kom i sommar, er det fem år sidan siste ordentlege møte med nye songar frå Sufjan Stevens. Der han tidlegare stort sett har hatt ein nokså tydeleg konseptuell forankring, er den nye plata meir introvert og kretsar kring tema som kjærleik og sex, angst og sjukdom, livet og døden. Også sounden har endra seg sidan Illinois frå 2005, og banjo og øm vokal har til dels måtte vika for hip hop-beats og stemmefilter.

No kan du altså sjølv finna ut kva du syns om den nye Sufjan Stevens. Og om du har tenkt å kasta deg inn i den verbale diskusjonen kan det vera greitt å vita at The Age Of Adz vert uttalt The Age of Odds.

Tags: , , ,

Del "Lytt til Sufjan sitt nye album"

Legg igjen en kommentar