Lyden av det komande året er…
…Michael Kiwanuka! I alle fall ifølge BBC, som har konkludert si Sound Of 2012-kåring.
Michael Kiwanuka er kåra til vinnaren av BBC si årlege Sound Of-kåring. Den 23 år gamle briten, som for tida får mykje merksemd for sin jordnære soulmusikk, gjekk med det forbi namn som Frank Ocean, Skrillex og A$AP Rocky, som òg var nominerte. For Skandinavias del kan me notera at svenske Niki & The Dove hamna på ein fin femteplass.
Les om alle dei nominerte her: Lyden av 2012?
Kiwanuka har blitt samanlikna med artistar som Al Green, Otis Redding og Van Morrison, og seier sjølv at han hentar inspirasjon frå mellom andre Bill Withers og Bob Dylan. 23. mars kjem debutalbumet Home Again – tittelsporet er allereie lista på P3.
Mange har bite seg merke i Kiwanukas gamaldagse sound, og til BBC forklarar han at han er tilhengar av innspelingar med retro-preg. Sjølv byrja han å skriva låter som 16-åring, etter å ha vekse opp stort sett utan noko musikk i heimen – foreldras platespelar vart øydelagt då han var veldig liten.
I fjor var det popjenta Jessie J som vann BC si kåring. Michael Kiwanuka må vel seiast å vera eit skritt i ei litt anna retning – utan at me skal vera dei som klagar.
Tags: bbc, kåring, Michael Kiwanuka, sound of 2012
Du som skrier denne artikelen har dårlig musik smak …fin deg noe annet musik smak…hahahahahahahahahahaha ………….!!!!!!!!!!!!!
Tristere forsøk på trolling er sjeldent sett…
Men siden du er Gud kan vel du fortelle oss alle sammen hva alle bør lytte til, eller? Tviler sterkt på det, egentlig. Håper du en dag innser hvor patetisk en slik kommentar er.
Ha det bra, og håper du blir voksen en gang.
Vel, han hadde kun en skrivefeil. Du har syv feil. Skal man kritisere noen, må man vise hva man mener. Din retorikk er høyst ufullstendig for å si det mildt, og din forståelse av artikkelen var feil.
For det var nemlig ikke journalistens egen musikksmak dette, med en grei forklaring gjennom «Michael Kiwanuka må vel seiast å vera eit skritt i ei litt anna retning – utan at me skal vera dei som klagar.», der han uttrykker andre personlige preferanser i siste del av den refererte setningen.
Lyden av det kommende året vil nok gå mer i retningen av retro 80-tall, for det er mange artister som allerede gjør store retronumre og får priser for dette. Så tendensen er og har vært ganske klar på dette.
80-tallet er mitt tiår, musikalsk sett. Og hvis det er slik at dette kommer attende, glæder jeg mig storveis.
Musikk for den voksne lytter