Lily Allen for dei fattige

Som den MySpace-dronninga ho er, legger Lily Allen ut heile den komande plata It’s Not Me, It’s You ut på favorittnettsida for gratis lytting. Og kor flott er ikkje det for alle oss som kanskje ikkje har lomma full av gryn om dagen? Det begynner å nerme seg tre år sidan Lily slapp debutplata Alright, […]

Skrevet av:
Publisert 20:00 2 februar, 2009


Som den MySpace-dronninga ho er, legger Lily Allen ut heile den komande plata It’s Not Me, It’s You ut på favorittnettsida for gratis lytting. Og kor flott er ikkje det for alle oss som kanskje ikkje har lomma full av gryn om dagen?

Det begynner å nerme seg tre år sidan Lily slapp debutplata Alright, Still i 2006. Ei plate som gav oss hit`s som «Smile», «LDN» og «Alfie». For ikkje å snakke om at den solgte 2,5 millionar på verdensbasis. Og då var ho berre 21 år. No er ho altså tre år eldre, og plata kan by på glimrande popteft, ærlige, humoristiske og spektakulære tekstar, der gjerne gamle kjærestar får høyre kor dumme dei var… Men ifølge Lily sjølv, er dei så sjølvsentrerte og egoistiske at dei ikkje skjønnar at det er dei tekstane handlar om uansett. Utspekulert dame, men akk så bra ho kan tingene sine!

Så om du ikkje har spenn til å kjøpe den nye plata som er ute 9. februar, kan du høyre den heilt gratis. Berre trykk her!

Tags: , , , , , , , , ,

Del "Lily Allen for dei fattige"

Legg igjen en kommentar