Cee-Lo. Foto: Promo

Cee-Lo. Foto: Promo

Lørdagsmixtape

Ny Cee-Lo Green-låt, Rolling Stone-remix og…Weezer? Lad opp til kvelden med Lydverkets mixtape.

Skrevet av:
Publisert 12:00 30 oktober, 2010

«Not In Love» var å finne på Crystal Castles andrealbum Crystal Castles II, som kom ut i vår. No er ein ny versjon av låta med – wait for it – Robert Smith på vokal! Du veit. The Cure. Sjekk ut samarbeidet her:

Meir dubstep til folket: Zed’s Dead har remixa «Gimme Shelter» av The Rolling Stones. Resultatet er seigt og deilig, og eit bra soundtrack til eventuelle Halloween-sprell.

«Four Four Letter» med The Glass handlar om spontane innfall ein seinare angrar på. Men ikkje før søndag, sjølvsagt.

På mandag kjem Cee-Lo Greens The Lady Killer ut, og her er nok ein grunn til å gleda seg. Sporet heiter «Bright Lights Bigger City», og som han seier: «There’s something about Saturday night. You can’t say what you won’t do, ’cause you know that you just might».

The Ting Tings vil ha deg til å klappa i «Hands». No har dei fått med seg Passion Pit, som har remixa låta. Sjekk ut:

Lupe Fiasco gjer deg den beste låta å forlata vorspielet til: «The Show Goes On». Nok sagt.

Og om du treng noko til nachspielet: Weezer har covra Toni Braxtons «Unbreak My Heart». Går du ikkje heim då, gjer du det aldri.

Tags: , , , , , , , , ,

Del "Lørdagsmixtape"

Legg igjen en kommentar