Publikum i storform på Hovefestivalen 2011. Foto: Kim Erlandsen, NRK P3

Publikum i storform på Hovefestivalen 2011. Foto: Kim Erlandsen, NRK P3

Klar for festivalvåren?

Orkar du ikkje venta på sommar, sol og festival? Lydverket har plukka ut fem av dei beste utanlandske musikkfestane, som ikkje er så langt unna.

Skrevet av:
Publisert 9:10 13 januar, 2012

Det er lett å sjå litt mørkt på tilværet på denne tida av året. Riktignok er det flust av musikalske gleder å sjå fram til på albumfronten, men omgitt av snø, slaps og brøytekanter er det fort gjort å heller drauma seg vekk til solbrente skuldre, øl i plastkrus og bugnande festivalplakatar.

Men i staden for å sjå gjennom Facebook-albumet «Hove 2011″ for n’te gong denne veka, kva med å sjå på kva moglegheitar du har til å tjuvstarta festivalsesongen i utlandet? Fleire festivalar i USA og Europa kan både skilta med fantastiske bookingar og eit hakket vennlegare klima enn det me nordmenn er van med tidleg på året.

Under har me plukka ut fem av dei beste utanlandske festivalane som går av stabelen i månadane som kjem.  Om du har personlege tips og erfaringar er det fritt fram for å dela i kommentarfeltet!

All Tomorrow’s Parties (ATP)

Tid: 9. – 11. mars
Stad: Butlins,  Storbritannia
Headlinere: Jeff Mangum, The Magnetic Fields, Joanna Newsom, Thurston Moore, Robyn Hitchcock m. fl.

ATP starta som eit uavhengig, meir intimt, alternativ til britiske gigantfestivalar som Glastonbury og Reading i 1999, og har sidan då berre vokst i både prestisje og popularitet. Fleire avstikkarar i USA og Australia har det blitt, medan originalen framleis held til på dei britiske øyer.

Festivalen skil seg ut frå mengda  sitt særeigne «kurator»-system, der ein kjend person – som oftast ein musikar – kvart år vert invitert til å forma line-upen etter eige hovud. Tanken er at ATP skal vera som ein tur inn i den aktuelle kuratoren si platesamling.

I år er det Jeff Mangum frå det amerikanske indierockbandet Neutral Milk Hotel som har fått æra, og han har satt saman eit program som bør varma hjartet til mang ein entusiast. Det heile skulle eigentleg gått av stabelen i desember, men vart altså utsatt til mars. Flaks for deg som akkurat no fekk lyst til å reisa!

Les meir om ATP på deira heimesider, og skaff deg billettar via denne linken.

South By Southwest

Tid: 13. – 18. mars
Stad: Austin, Texas, USA
Headlinere: Built to Spill, Metric, the Magnetic Fields, Against Me!, Grace Potter & the Nocturnals, Talib Kweli, Oh Land, Thomas Dolby, The War On Drugs, The Big Pink m.fl.

Ein av USAs største musikkfestivalar, eitt av verdas viktigaste bransjetreff og ein av dei aller beste stadane å visa seg fram som ny artist – ein kjem ikkje unna South By Southwest (SXSW) når ein skal sjå på festivalvåren.

I fjor reiste Lydverkets Ruben Gran og Amund Grepperud til SXSW for å laga radio – les meir om det her!

120 Days, Marit Larsen og Team Me er blant artistane som skal forsvara den norske æra i Austin i år. Til saman står kring 2000 namn, fordelt på meir enn 90 scener, på plakaten, noko som gjer SXSW både til eit formeleg mekka når det kjem til å oppdaga sitt nye favorittband, og ein smule uoversikteleg. Med litt planlegging, og eit bankande musikkhjarte under t-skjorta, bør det likevel gå bra.

Les meir på SXSWs heimesider, og gå hit om du er interessert i billettar.

Coachella

Tid: 13. – 15. april, og 20. – 22. april
Stad: Indio, California, USA
Headlinere: The Black Keys, Pulp, Radiohead, Dr. Dre og Snoop Dogg, At The Drive-In, Refused, Arctic Monkeys, M83, Madness, Frank Ocean, Rapture, Azelia Banks, The Weeknd m. fl.

Ein av dei verkelege spydspissene på den amerikanske festivalfronten, som berre veks seg større og større for kvart år. Etter å ha solgt ut på rekordtid i fjor, har dei no utvida til to helger – med identisk program begge helger.

Denne veka vart store delar av programmet for 2012 stadfesta, og dei som skaffar seg billettar kan, i tillegg til enorme konsertar med artistar som Radiohead og Dr.Dre, sjå fram til to ganske så episke gjenforeiningar: Dei svenske hardcoreheltane i Refused igjen å sjå på same scene, etter at dei ga seg i 1998, og det same vert post-hardcore-pioneran i At The Drive-In.

Eit lite apropos: At The Black Keys headlinar fredagen, framfor namn som Pulp, Arctic Monkeys, M83 og Frank Ocean, seier sitt om kor store bandet er i heimlandet – sjølv om det heilt sikkert óg har samanheng med Black Sabbaths tilbaketrekning etter Tommi Iommis kreftdiagnose.

Billettar vert lagt ut til sals I DAG – skund deg før det er for seint!

San Miguel Primavera Sound

Tid: 31. mai – 3. juni
Stad: Barcelona, Spania
Headlinere: A$AP Rocky, Björk, Jeff T. Pearson, The xx, Wilco, Off!, Mayhem, Beach House, Death Cab for Cutie, Yo La Tengo, Melvins m. fl.

Men knallsterk line-up år etter år, er Primavera Sound ein indieelskars våte draum – og plasseringa i Barcelona er heller ikkje å forakta.

Søsterfestivalen i Porto 7. – 10. juni har litt tynnare plakat, men er òg eit godt tips.

Primavera Sound samarbeidar tett med ATP, som har ansvaret for ein av scenene, og det vert også arrangert mindre konsertar rundt omkring i Barcelona, på dagtid og med gratis inngang.

Les meir på festivalens heimeside, og kjøp billettar her!

Sónar

Tid: 14. – 16. juni
Stad: Barcelona, Spania
Headlinere: Fremdeles ikke bekreftet.

Med kring 80 000 besøkande, og ein line-up få kan matche, er Sonar heilt der framme i teten når det kjem til festivalar med hovudfokus på elektronisk musikk.

For norske elektronikahovud er det enklast å koma seg til Barcelona-delen av festivalen, men for dei meir eventyrlystne er òg Sónar Tokyo (21. -22. april) og Sónar São Paulo (11. – 12. mai) flotte alternativ.

Les meir på Sónar si heimeside, og skaff deg billettar via denne linken.

Tags: , , , , , , , , ,

Del "Klar for festivalvåren?"
 

7 kommentarer på “Klar for festivalvåren?”

  1. Anonym sier:

     Sónar
    Tid: 14. – 16. juniStad: Barcelona, SpaniaHeadlinere: Underworld, M.I.A., Aphex Twin, Magnetic Man, Die Antwoord, The Human League, Dizzee Rascal, Cut Copy, James Murphy, Janelle Monáe, Paul Kalkbrenner, Chris Cunningham, Boys Noize, Four Tet,  Steve Reich, Trentemøller,Hype Williams, Little Dragon m. fl. Underworld, M.I.A., Aphex Twin, Magnetic Man, Die Antwoord, The Human League, Dizzee Rascal, Cut Copy, James Murphy, Janelle Monáe, Paul Kalkbrenner, Chris Cunningham, Boys Noize, Four Tet,  Steve Reich, Trentemøller,Hype Williams, Little Dragon m. fl.
    Dette er jo programmet for 2011

  2. Anonym sier:

    Gleder meg til Primavera!

    • Anonym sier:

      virkelig? har du lest den siden? jeg vet ikke helt om jeg ville har stolt 100% på hva som står, fordi det er ekstremt mye tull der: «…take control and bring your children back to the Lord.» 

    • Anonym sier:

      virkelig? har du lest den siden? jeg vet ikke helt om jeg ville har stolt 100% på hva som står, fordi det er ekstremt mye tull der: «…take control and bring your children back to the Lord.» 

Legg igjen en kommentar