Ke$ha overraska Oslo
Ke$ha sine fans fekk meir enn dei ba om i Oslo i går kveld. Sjå kven som dukka opp!
Då Ke$ha framførte sin danseversjon av Alice Coopers sang “School’s Out”, fekk publikum et lite sjokk når Cooper sjølv dukka opp på scena midtveis i sangen. Cooper skal ha svingt innom Sentrum Scene tidlegare på dagen under Ke$has lydprøvar. Dei to skal då spontant ha bestemt seg for å overraska fansen seinere på kvelden.
Like etter konserten var over tweeta Ke$ha: «Thanx for coming to Oslo to do ‘SCHOOLS OUT’ with me dad… ; ) LEGEND. FUCKING LEGEND.»
Også tidlegare har turtelduene delt scene. Det skjedde under ein av Alice Cooper sine konsertar i Nashville i fjor.
Alice Cooper responderte med denne meldinga: «Thanks @keshasuxx! Next time our stage, and be sure to bring some bandaids…»
Sjå opptredenen her:
Alice Cooper spelar på Telenor Arena i kveld med Iron Maiden.
Tags: Alice Cooper, gjest, Ke$ha, oslo, School's Out, Sentrum Scene