Keen på å starte band?

Med Guitarhero, Rockband og no iPhone er det kanskje berre snakk om månadar før den nye generasjonen av ungdom har glømt kva ein kassegitar og eit trommesett er… For med iPhone applications som trommer, gitar, piano og tamburin så er det berre jo nesten ingen poeng med dei ekte varene. Du bærer jo rundt på […]

Skrevet av:
Publisert 12:06 14 mars, 2009
Foto: apple.com

Er dette framtidas nye instrument? Foto: apple.com

Med Guitarhero, Rockband og no iPhone er det kanskje berre snakk om månadar før den nye generasjonen av ungdom har glømt kva ein kassegitar og eit trommesett er…

For med iPhone applications som trommer, gitar, piano og tamburin så er det berre jo nesten ingen poeng med dei ekte varene. Du bærer jo rundt på telefonen din heile tida, og plutselig treng du ikkje å ha ein bil for å frakte trommesettet ditt frå øvingslokalet til konserthuset. Alt blir plutselig så mykje enklare.

Kanskje er musikkframtida digital på alle måtar? For har du ein iPhone og eit par vener, då er det berre å laste ned eit instrument og starte band. Slik som desse jentene har gjort. Ok, så kan det jo vere lurt å øve inn ei låt og lære seg «instrumentet» først.

Eg har eit piano på min telefon og ei utsøkt sangstemme. Så om du er keen, så kan vi jo starte eit band? Trommer, gitar og eit blåseorgel er alt som skal til. Søknad kan sendast via kommentarfeltet.

Tags: , , , ,

Del "Keen på å starte band?"
 

1 kommentar på “Keen på å starte band?”

  1. Axel sier:

    Hei. Eg har trommesett og kazoo på min telefon. Klar for å starte band.

Legg igjen en kommentar