Julemixtape

Julemixtape

Inga jul utan nye, meir eller mindre vellykka julelåtar frå dei største artistane. Få med deg årets bidrag i Lydverkets samleliste!

Skrevet av:
Publisert 13:19 13 desember, 2010

Høgtida er like rundt hjørnet, og kven betre til å få deg i stemning enn The Killers, Coldplay og R.E.M? (Ikkje svar på det spørsmålet). Etter ein jamn straum av julesinglar siste tida, er det på tide å oppsummera musikkbransjens forsøk på å samla inn pengar til seg sjølv og/eller veldedige formål denne jula. Er den nye «Fairytale of New York» blant dei utvalgte? Kanskje «Do They Know It’s Christmas»? Er det eigentleg eit mål i seg sjølv? Døm sjølv:

Coldplay står for eit av årets mest omtalte juleprosjekt, med singelen «Christmas Lights» og ei påfølgande rekke «hemmelege» konsertar rundtomkring i det britiske øyriket. Alt til inntekt for heimlause, og ære være Coldplay for det. Når det gjeld låta, er nok det mest julete med den stemma til Chris Martin – forkjøla og grautete, akkurat slik det skal vera i desember.

R.E.M har lang tradisjon for juleutgivelsar, om enn berre coverversjonar. I år er det «Christmas (Baby Please Come Home)» som står for tur. Utan Michael Stipe, men med resten av gjengen.  Tidlegare bandmedlem Bill Berry står for produksjon.

For alle oss som ikkje har tenkt så mykje på det amerikanske bandet Train sidan «Drops of Jupiter» gjekk på repeat på leirskule i 8. klasse, er det litt vanskeleg å forstå at nokons høgaste ynskje for jula er å sjå dei spela sin nye singel «Shake Up Christmas» live i ein gamal kinosal. Slik er det likevel i videoen til låta. Ei låt som for øvrig kun er anbefalt til alle som i utgangspunktet har ei ekstremt positiv innstilling til alt som har med jul å gjera. I don’t remember it / So let December it. Heisann.

Indiefolket skal også ha sitt i jula, og The Boy Least Likely To slår eit slag for akkurat det. «Christmas Isn’t Christmas» er henta frå duoens julealbum The First Snowflake, fullstappa av såre låter for alle som er einsame og  dumpa, men likevel littegrann optimistiske, denne julehøgtida.

The Killers har gitt fansen julemusikk sidan 2006, og at bandet for tida strengt tatt er satt på pause er ikkje nok til å bryta med tradisjonen. Du skal høyra på «Boots» ganske mange gongar medan du et ganske mykje pinnekjøt før den gjer deg noko særleg med julestemning, men det er ingenting galt i å fokusera på dei som ikkje har det så lett i jula:

Du veit når du pynter pepperkaker og det heile endar opp med eit overveldande inntak av melis og non-stop? Litt på same måte kjenner du deg når du er ferdig med Owl Citys «Peppermint Winter». Mett, klissete, og med eit desperat behov for noko salt.

Blant dei meir overraskande innslaga på denne lista, finn me The Streets. På «Scrooge and Marley – I Don’t Want It To Be Me» har Mike Skinner slått seg saman med Rob Harvey frå The Music, og sjølv om dei ikkje er heilt like positive som Train, seier Skinner følgjande på si eiga heimeside:

i know that all of you want to love christmas but possibly at some point someone scuppered your dreams. and you’re hurting. i can see it in you. so you cut yourself off as a defence mechanism. i’ve seen it time and time again. and you blame consumerism. whether or not reciprocal altruism is a display of real love in humans or simply a way to survive in this darwinian world of gordon gekkodom i don’t know but for 1 month we can all try to suspend our disbelief. we can all throw down our AK’s and wrap our arms around the whole world in a warm embrace

Paul Simon gjer seg òg klar til jul. «Getting Ready For Christmas Day» skal vera fyrste smakebit frå den komande fullengdaren So Beautiful Or So What, så det er berre å innstilla seg:

Ein liten coverlåt til må det vera plass til: She & Him gjer «Have Yourself A Merry Little Christmas» på bakrommet til Conan O’Brian, saman med Conan O’Brian. Det viktigaste her er eigentleg at du bit deg merke i gitaren til sistnevnte.

Tags: , , , , , , , , , , , , ,

Del "Julemixtape"
 

8 kommentarer på “Julemixtape”

  1. Doktoren sier:

    Hvorfor bruker du Cola julenissen som illustrasjon? uuuuuusj..imperialister

  2. Josse sier:

    Hva med å legge ut listen som en spotify spilleliste?

  3. Mette:) sier:

    Gamle gode fiskarheimen!! Artig at du gjekk vidare med musikkinteressa di!! Klem:)

  4. julenisse sier:

    Conan er dritbra! Koselig sang :)

  5. [...] Hør ny julemusikk fra gamle artister [...]

Legg igjen en kommentar