Jarle Bernhoft er Årets Spellemann!

Jarle Bernhoft er Årets Spellemann!

Det er offisielt: Musikkåret 2011 sto i Jarle Bernhofts teikn.

Skrevet av:
Publisert 21:04 14 januar, 2012

To listetoppande album på eitt år, TV-opptreden på eitt av USAs største talkshows, utselde konsertar, massiv mediemerksemd – det er inga tvil om at Jarle Bernhoft har hatt eit år heilt utanom det vanlege.

Og i kveld, som prikken over i-en, vart han altså utnemnd til Årets Spellemann – like etter at han vann kategorien årets mannlige artist.

Full stopp

Historia om artisten som gjekk frå å vera frontfigur i eit rockeband på randen av det store gjennombrotet, til å bli einsam soloartist utan nok pengar til backingmusikarar på debutalbumet, er nesten på veg til å bli segnomsust. Og det er jo òg ei god forteljing:

På byrjinga av 2000-talet selde Span album i bøtter og spann, spelte konsertar for fulle hus og fekk platekontrakt på same selskap som U2. Bandet hadde slags føresetnadar for å lukkast – hadde det berre ikkje vore for at frontfiguren deira ikkje orka meir. Jarle Bernhoft sa stopp, og i 2005 vart bandet oppløyst.

Nokre år seinare innrømde han overfor NRK-programmet Store Studio:

- Det var ei stund eg vart fysisk kvalm av å høyra fuzzgitar.

Ny start

Så starta heilomvendinga: Fullt band vart erstatta av kassegitar og samplingpedalar, det musikalske uttrykket vendte seg i retning soul – og Jarle Bernhoft sto brått mutt aleine på scena.

Fyrstealbumet Ceramik City Chronicles fekk ein del merksemd, men det var fyrst med fjorårets Solidarity Breaks at heimepublikummet – og det utanlandske med – verkeleg fekk auga opp for soulmusikaren Bernhoft. Albumet enda opp med å liggja 48 veker på VG-Lista, med sju av dei som nummer éin.

- Eg syns det er spennande å sjå kor langt eg kan dra det heilt aleine, sa Bernhoft då han vitja Lydverkets TV-innspeling på starten av 2011.

Sjå Bernhoft spille ”C’mon Talk” hjå Lydverket:

Det skulle ikkje bli siste gong han var gjest hjå oss: På slutten av året var han tilbake – med eitt av årets mestselgande album, opptreden på Ellen Show og ein drøss med utanlandskonsertar i bagasjen. Me ga han rett og slett tittelen ”årets mann i norsk musikk”.

Og no har han altså statuetten til å bevisa det.

Tags: , , , , ,

Del "Jarle Bernhoft er Årets Spellemann!"
 

4 kommentarer på “Jarle Bernhoft er Årets Spellemann!”

  1. [...] her, sammen med oppdaterte lister over vinnerne. Les også: Jonas Alaska er årets nykommer – Jonas Alaska årets nykommer Maria Lindberg maria.laila.lindberg@nrk.no Publisert: 20:01 14 januar, 2012 Del Tweet Debatt [...]

  2. [...] Les også: Jarle Bernhoft er Årets Spellemann! [...]

  3. Anonym sier:

    All ære til Jarle Bernhoft!
    Juryens valg av Bernhoft er som for en jeger å skyte på en låvevegg; det går ikke an å bomme.

    Dette er en virkelig musikant! Han har virkelig noe å komme med! Han lyser opp den ellers så beksvarte artisthimmelen.

    Gratulerer!

    Vognhild

  4. Anonym sier:

    All ære til Jarle Bernhoft!
    Juryens valg av Bernhoft er som for en jeger å skyte på en låvevegg; det går ikke an å bomme.

    Dette er en virkelig musikant! Han har virkelig noe å komme med! Han lyser opp den ellers så beksvarte artisthimmelen.

    Gratulerer!

    Vognhild

Legg igjen en kommentar