<B>It's only..</b>:..pappa?

It's only..:..pappa?

- Ja, eg snorta pappa

Venta du deg noko anna av Keith Richards?

Skrevet av:
Publisert 16:44 29 oktober, 2010

Sjølvbiografien til Keith Richards er siteringsgull for einkvar musikkjournalist. Mannen som ingen skjønnar kvifor framleis er i live er kjent for a) ei eviglang karriere b) ein ytst utsvevande livsstil og c) ei eiga evne til å formulera seg. Han er med andre ord vanskeleg å motstå.

Eit av dei mest hardnakka ryktene kring Richards sin person, er at han har snorta oska av sin eigen far. I «Life» bekreftar han langt på veg dette, sjølv om det går fram at det eigentleg ikkje var planlagt. Det var nemleg eit vindkast som tok grep då Richards var igang med å spre oska for godt:

- Då eg tok loket av, blåste eit tynt lag oske ut over bordet. Eg kunne ikkje berre børsta han vekk, så eg drog fingeren min over det og snorta opp restane.

Sånn er det.

Del "- Ja, eg snorta pappa"
 

1 kommentar på “- Ja, eg snorta pappa”

Legg igjen en kommentar