I kveld kåres Årets Urørt
Loddefjord-bandet John Olav Nilsen & Gjengen kan vinne. Se vårt eksklusive liveopptak fra Café Mono i Oslo!
I dag blir Årets Urørt kåra. John Olav Nilsen & Gjengen kan vere blant dei som sankar inn flest stemmer med låta Diamanter & Kirsebær.
Det er alt mange favorittar blant Lydverketredaksjonen, uten at vi skal nevne kven vi likar og kven vi meinar bør vinne. For det er jo så mange bra finalistar. Men det er vel ingen hemmelighet at Loddefjordbandet til John Olav Nilsen & Gjengen kan ha gode sjangsar i konkurransen.
Saman med gjengen gir John Olav Nilsen eit inntrykk av at vestlandsrealismen er mørkegrå. Men før nyttår holdt dei ein konsert på Cafe Mono (saman med Urørtfinalistane i Fjorden Baby!), som Dagsavisen drista seg til å kalle for årets beste konsert. Der var vi vitner til rå energi, nerve, ærlighet, sjel og himla fengande musikk som overhodet ikkje var mørkegrå. Så summen av det heile blir vel ‘thumbs up’ om vi skal meine noko om den saken.
Vi har plukka ut eit ekslusivt klipp frå konserten på Cafe Mono, så du kan varme opp til kveldens finale med ein live-versjon av Piken Med Sviket. Enjoy!
Tags: årets urørt, Bergensbølgen, cafe mono, diamanter & kirsebær, fjorden baby, john olav nilsen & gjengen, konsert utdrag, konsertutdrag, Live, Lydverket, Musikk, p3tv, P3tv Live, piken med sviket, stemme, tv sending, Urørt, Urørtfinalen, urørtfinalist, video