Hør: Zhala
Lykke Li-korist prøver lukka på eiga hand. Hennar fyrste video er regissert av kunstnaren som kan fella den svenske kulturministeren.
Det er ei ny svensk popjente i byen: Zhala, som har turnert verda rundt som ein del av Lykke Li sitt band, er klar for å ta fatt på sologjerninga. Med debutsingelen «Slipping Around» viser ho fram eit uttrykk både ho og fleire av hennar landsmenn har god kontroll på: drivande rytmar, kosmiske synthar og ein elektrisk innpakka vokal.
I den sparsame artistomtalen som er å finna, vert Zhalas musikalske prosjekt kopla med «the shimmery times when Pop Music was bloody serious and there were no barriers between fine arts and popular culture.» Akkurat kva planen framover er, er ikkje heilt klart, men videoen til «Slipping Around» hadde denne veka premiere på SVT.
Regissør for videoen er Makode Linde, som for tida er høgst aktuell med ein annan sak: Dette er kunstnaren bak den mykje omtalte kaka som forestilte ei svart kvinne, som den svenske kulturminister no møter krav om avgong for å ha skore ein bit av.
Les: Krever kulturministerens avgang etter kakestunt
Uansett kva ein meiner om akkurat det kunstverket, kan videoen til «Slipping Around» kanskje bidra til auka forståing for Linde sitt prosjekt. Og låta er i seg sjølv god nok grunn til å ta ein titt.
«Slipping Around»:
Tags: hør, Lykke Li, Singel, slipping around, zhala
Åh please! Kan vi få slippe å lese om hva som skjer over grensa hele tiden?
Selvfølgelig kan du få slippe – det er så enkelt som å ikke lese artiklene.