Hør: Willis Earl Beal

Hør: Willis Earl Beal

Det har flagra optimistiske spådommer kring øyrene til den unge amerikanaren dei siste månadane. Ta eit steg inn i hans lo-fi-univers her, og høyr den ferske singelen «Monotony».

Skrevet av:
Publisert 9:12 1 mars, 2012

For deg som syns det britiske soulstjerneskotet Michael Kiwanukas sound vert hakket for nymotens, kan det vera ein idé å sjå til andre sida av Atlanteren. Der er nemleg Willis Earl Beal i ferd med å få til noko bra – og det med svært enkle middel. Med eit knippe uanstrengte melodiar, eit ikkje ubetydeleg retropreg og eit analogt, akustisk lydbilete (som, som ein blogg uttrykte det, får Jack White til å framstå som Neon Indian) har han sunge seg inn i medvitet til eit ferskvaresvoltent musikkpublikum.

Nyleg vart 27-åringen signert til Hot Charity, eit underselskap av XL Recording, med ein avtale om ikkje mindre enn fire album. Allereie i byrjinga av neste månad kjem Acousmatic Sorcery, som er ei gjenutgiving av eitt tidlegare sjølvutgitt album. Høyr den siste singelen «Monotony» under, og finn ut om dette er ein artist du kan leva med at når ein viss storleik i 2012.

«Monotony»:

I tillegg til å ha eit openbart talent for forunderleg sjelfull musikk, kan Beal skilta med ei svært så gjenfortellingsvenleg bakgrunnshistorie. Som ung låtskrivar i heimbyen Chicago hadde han verken Facebook- eller Twitter-konto, og fram til i fjor sommar hadde han aldri spelt live. Marknadsføringsstrategien hans var ein heilt annan: Han delte ut handteikna flygeblad (sjå under), der han lova å synga for deg om du ringte han, og ba folk om å spre ordet som best dei kunne. For dei med telefonskrekk, la han att CDar med råmateriale rundt omkring i byen.

Optimistisk? Ja, men det fungerte på eit vis. Ikkje berre har han no platekontrakt, og samarbeidstilbod frå alle frå James Blake til Damon Albarn, han har òg greidd å hylla seg inn i eit visst lag med mystikk – og slikt kan sjølvsagt ikkje undervurderast.

Beal legg i desse dagar ut på Europa-turné, men om du ynskjer å få stad-/avkrefta hypen må du belaga deg på å kryssa landegrenser.  Under kan du i det minste sjå videoen til «Evening Kiss», ein tidlegare Acousmatic Sorcery-låt, animert i Beals karakteristiske strek.

«Evening Kiss»:

Tags: , , , ,

Del "Hør: Willis Earl Beal"

Legg igjen en kommentar