Alabama Shakes. Foto: Promo

Alabama Shakes. Foto: Promo

Hør: Alabama Shakes

Gospel møter garasjerock på debutalbumet til årets store hype frå dei amerikanske sørstatane. Høyr Boys & Girls her!

Skrevet av:
Publisert 10:27 2 april, 2012

Cover, Boys & Girls

Alabama Shakes har i løpet av kort tid gått frå å vera eit relativt anonymt sørstatsband, til å lansera det som ligg an til å bli eitt av årets mest profilerte debutalbum.

Med den tidlegare postkvinna Brittany Howard i front, leverer kvartetten ein sjølvsikker miks av gospel, sørstatsrock, blues og soul, som har sanka lovord herfrå til SXSW.

Ein skokk med høgprofilerte fans – som til dømes Russel Crowe, Adele og David Byrne – har ikkje gjort hypen noko mindre, og det verkar i det heile tatt som Alabama Shakes er eit namn det kan bli vanskeleg å koma utanom i månadane framover.

Boys & Girls er namnet på fyrstealbumet, og 10. april er datoen det kjem ut. Den utolmodige treng likevel ikkje fortvila: NPR streamer for tida heile albumet på sine nettsider.

Høyr Boys & Girls her!

Alabama Shakes speler på ei rekke konsertar i Europa i månadane framover, men ingen norske datoar er foreløpig stadfesta. Sjå heile turnélista her. Om  du vil ha ein smak av korleis bandet ter seg live, kan du sjå framføringa av singelen «Hold On» under.

«Hold On»:

Tags: , , , , ,

Del "Hør: Alabama Shakes"
 

1 kommentar på “Hør: Alabama Shakes”

  1. Virker som disse har utrolig peil på git og trommer! God vokal også:) God country feel på vokalen. Gitaren er også bra å slengete. Dette var bra!!

Legg igjen en kommentar