Honningbarna opnar årets by:Larm
Det ligg an til sterke kjensler på Youngstorget når Honningbarna headliner festivalens fyrste dag neste veke.
For eit knapt år sidan leverte Honningbarna det fleire – underteikna inkludert – meinte var blant dei aller sterkaste konsertane under fjorårets by:Larm-festival.
Sidan den gong har bandet både opplevd fantastiske oppturar – med Spellemannpris for debutplata La alarmane gå som den foreløpig siste i rekka – og ein knusande nedtur, då trommeslagar Anders Askildsen Eikås (20) omkom i ei bilulukke førre veke.
Les også: Musikk-Norge i sorg
Hjå NRK Urørt kan du leggja att ei siste helsing til Anders.
Etter denne tragiske hendinga var det på ingen måte sikkert at Honningbarnas planlagte konsert under årets by:Larm kom til å bli noko av. Bandet avlyste sine andre konsertar for vekene framover kort tid etter ulukka.
No er det likevel klart at Honningbarna headliner by:Larms opningskveld i Nokia-teltet på Youngstorget onsdag 15. februar.
Dette kjem fram i ei pressemelding festivalen sendte ut i dag. Konserten kan såleis bli fyrste trinn mot å følgja opp utsegnet bandet kom med onsdag førre veke:
«Nå som Anders er borte har vi stilt oss selv spørsmålet om vi skal fortsette eller ikke. Vi fortsetter og vi har Anders med i hjertene våre. Vi er Honningbarn, for pokker.»
Med seg på trommer har dei for kvelden Nils Jørgen Nilsen, Kristiansandgut og jamnaldrande kompis.
Les anmeldelsen frå by:Larm 2011: Øk det og styrk det!
Les også: - Vi vil redde verden
Det som vanleg gratis inngang i teltet på Youngstorget på festivalonsdagen. Det komplette programmet for kvelden ser slik ut:
20.30 – 21.15: Mathias Stubø Band
21.45 – 22.30: Oslo Ess
23. 00 – 23.45: Tim Christensen & the Damn Crystals
00.15 – 01.00: Honningbarna
Sjå Honningbarna spele «Til Ungdommen», live på Lydverket:
Tags: 15. februar, anders, by:Larm, Honningbarna, onsdag