Quincy Jones har jobba med nokon av dei aller største - her med Lionel Richie og Michael Jackson.

Quincy Jones har jobba med nokon av dei aller største - her med Lionel Richie og Michael Jackson.

- Han er berre ein rapper

Kanye West siktar mot himmelen for tida. Quincy Jones trekk han tilbake til jorda.

Skrevet av:
Publisert 12:27 24 november, 2010

Det er vanskeleg å komme unna Kanye West for tida: My Beautiful Dark Twisted Fantasy går sin seiersgang, fyrste smakebit av Jay-Z-samarbeidet Watch The Throne er akkurat lekka ut, han har kjøpt ein heil haug burgerrestauranter, han gjer seg klar til å dominera amerikanaranes Thanksgivingfeiring, ein stjernespekka konsert i NYC - og så vidare. Multitaskinga imponerer likevel ikkje alle: Quincy Jones blir direkte fornærma når nokon prøver å samanlikna han med Kanye West.

I eit intervju med Us Weekly blir den 77-år gamle stjerneprodusenten konfrontrert med parallellane mellom seg sjølv og West, og svarar med tilnærma forakt:

- Korleis det? Ingen sjans. Har han skrive for eit symfoniorkester? Har han skrive for eit jazzensemble? Kom an. Han er berre ein rapper. Det kan ikkje samanliknast. Eg nedvurderer han ikkje, eller dømmer han eller noko, men me kjem frå kvar vår side av planeten. Eg har brukt 28 år på å læra meg det eg gjer. Eg rappar ikkje. Det er ikkje det samme. Ein produsent må ha ein form for dyktighet som gjer at han kan vera produsent. Det er noko heilt anna å vite kva ein skal gjera med 16 treblåsarar, frå pikkolofløyter til bassklarinett. Det er ein heilt anna måte å tenka på. Ingen samanlikning. Ingen.

Jones utdjupar med at West er ein veldig bra rapper, men at det er mange av dei. På spørsmål om det er nokon av dagens artistar som har samme gnist som Michael Jackson hadde, svarer han Ludacris, Usher og Akon (!).  Han uttrykker også respekt for Lady Gaga, som han kallar «Madonna jr».

Ludacris har, saman med Naturally 7 og Rudy Currence, tittelsporet på Quincy Jones si siste plate Soul Bossa Nostra. Sjå gjengen framføra den her:

På sine heimesider presiserer Jones at han ikkje ynskjer å disse Kanye, men at han etter 60 år i musikkbransjen ikkje syns det er urimeleg å setta samanlikningar mellom han sjølv og West i eit visst perspektiv.

Uansett, Kanye kjem nok til å segla i medvinden sin ei stund til. Heilt greitt for vår del - han har trass alt bygd vindmaskina sjølv. Og i mangel på oppdateringar på twitterkontoen hans den siste tida (vel, veka), kan me like gjerne posta nokon høgdepunkt frå Babelgum sin «Kids Reenact Kanye’s Tweets»-serie. Små ungar i shutter shades? Gjerne.

Tags: , , , , , , ,

Del "- Han er berre ein rapper"
 

4 kommentarer på “- Han er berre ein rapper”

  1. Espen sier:

    Ingen bombe at han nevner Ludacris, Usher og Akon, er jo bare å se på tracklisten på cd’en hans. Såklart nevner han noen han har på sin plate. Føles litt som det er en «gamling» som har mistet touchen her, for sist jeg sjekket så blir det helt feil å kalle Kanye kun en rapper. Han gjør jo tusen ganger mer enn det en gjennomsnittlig rapper gjør i produksjon av musikk, video, klær som brukes osv.

  2. Jan Ove sier:

    Han er ikke kun er rapper, han er kun et produkt som de andre overnevnte «artistene».

  3. Jon sier:

    Quincy Jones er en tosk for å sammenligne Jackson med Akon, Ludacris og Usher. Bittert.

Legg igjen en kommentar