Hør: The-Dream

Hør: The-Dream

Første spor frå The Love IV?

Skrevet av:
Publisert 9:31 5 januar, 2012

Terius Nash, også kjend som The-Dream, er snart klar med sitt fjerde offisielle album. The Love IV: Diary Of A Madman vart i utgangspunktet utsett for å gje plass til gratisalbumet 1977 – som du kan lesa Lydverkets anmeldelse av her – men har no fått internasjonal sleppdato 20. mars.

Det som kan vera fyrste spor frå denne plata ligg for tida ute på artisten sine heimesider – finn ut kva du syns her!

Nash, som i tillegg til si eiga solokarriere har gjort det skarpt som låtskrivar, vart tidlegare denne veka sitert på at han tjente kring 15 millonar dollar på å skriva teksten til Rihannas «Umbrella». Krava han stilte for å medverka på Justin Biebers superhit «Baby» skal ha vore hakket meir avmålte: eit hotellrom på Plaza.

Tags: , , , ,

Del "Hør: The-Dream"

Legg igjen en kommentar