Hør: Radiohead

Hør: Radiohead

Før Radiohead ble Radiohead, heitte dei On A Friday og var veldig glade i The Smiths. Høyr tidlege demoar frå bandet her!

Skrevet av:
Publisert 16:11 9 januar, 2012

Før Thom Yorke og resten av gjengen fann ut at Radiohead var namnet som skulle gjera dei til eitt av verdas største band, heitte dei On A Friday. Dette var før platekontrakt, før gitarist Jonny Greenwood vart med, og før dei fann ut at det å herma etter The Smiths ikkje nødvendigvis var vegen til suksess. Det siste poenget er avleda av dei to uutgitte On A Friday-spora som slapp ut på nettet nyleg.

Dersom du er nysgjerrig, kan du høyra låta «Fat Girl» her og «Fragile Friend» her!

Spora skal visstnok vera innspelt på privatskulen Abingdon School, der dei fyrste Radiohead-medlemmene traff kvarandre. 

Dersom du er skeptisk til om låtane er ekte eller ikkje, er det ikkje utan grunn – før jul vart eit «tapt Radiohead-spor frå tidleg 1990-tal» (med den fengande tittelen «Putting Ketchup In The Fridge») lansert på nettet, for seinare å bli avslørt som handverket til ein kanadisk bakar.

Men dette høyres ut som Thom Yorke, gjer det ikkje?


Tags: , , , ,

Del "Hør: Radiohead"
 

5 kommentarer på “Hør: Radiohead”

  1. høyrest definitivt ut som Thom Yorke ja.

  2. Audun Hem sier:

    Høres veldig ut som The Smiths ja, og er faktisk på mange måter bedre enn Pablo Honey, men det er tross alt ikke en veldig stor bragd. I tillegg litt «The King of Limbs»-aktig trommespill i starten a «Fragile Friend».

  3. [...] Tidligere i uka dukket uutgitt materiale fra Radioheads fortid som bandet On a Friday, det kan du høre her. [...]

  4. Allerede da hadde bandet stort potensiale, noe de viste fullt ut.

  5. [...] … Radiohead før de blei Radiohead [...]

Legg igjen en kommentar