Hør: R. Kelly
R. Kelly girar opp til nytt album, og vil – tru det eller ei – dele kjærleiken sin med deg. Høyr fyrstesingelen her!
Karriera til R. Kelly har hatt ein tendens til å gå to skritt fram og eitt tilbake, men verdas største r&b-artist er velsigna med ein god porsjon standhaftighet. Etter fjorårets Love Letter står no tolvtealbumet Write Me Back på trappene, og skal i følgje Village Voice vera klart til utgiving i mai.
I går dukka fyrstesingelen «Share My Love» opp på nettet,og du høyrer den under. Låta er klassisk R. Kelly på tekstsida (“Now that we’re in this room / Let’s do what we’re born to do / POPULATE! / let’s get together / POPULATE!”) , medan den musikalsk sett drypp tungt av disco à la Barry White. Helga er med andre ord i gang.
«Share My Love»:
Kelly la i november i fjor ut låta «Shut Up!» på Twitter, som fyrste livsteikn etter sommarens strupeoperasjon. Det er ikkje stadfesta at denne kjem med på Write Me Back, men du høyrer den i alle fall her.
Elles er det verdt å ta med at R. Kellys sjølvbiografi - med den rå tittelen Soulacoaster: The Diary Of Me – kjem ut i juni i år. Mange saftige kapittel der, må me gå ut frå.
Og ikkje minst: Før jol ymta artisten frampå om at nye avsnitt i den legendariske YouTube-sagaen Trapped In The Closet kan vera på veg. Om du endå ikkje er oppdatert på den fronten, er det berre éin ting å gjera.
Tags: hør, R. Kelly, share my love, write me back