Hør: Feist
Ein fin start på dagen: kanadiske Feist har lagt ut heile sitt nye album på nett.
I morgo kjem Metals i butikkhyllene, Leslie Feist, eller rett og slett Feist, med sitt fyrste album sidan ho slo gjennom med The Reminder i 2007. Singelen «How Come You Never Go There» har allereie sirkulert på nettet ei stund, men no kan du, i bytte mot ei epostadresse, høyra alle dei 12 spora.
Det kan høyrast ut som artisten har halde seg i det dramatiske, teatralske poplandskapet som fyrst gjorde ho populær, men det er òg grunn til å tru at dei siste fire åra har tilført musikken eit par nye lag. Albumet er spelt inn i Big Sur i California, med Chilly Gonzales, Mocky og islandske Valgeir Sigurðsson som produsentar. Sigurðsson har, i tillegg til å ha produsert album for artistar som Björk, Mùm og Bonnie «Prince» Billy, tidlegare arbeida med Moddi og Ane Brun.
Hør Metals her:
Sjølv om Feist har halde relativt låg profil sidan «1234″ inntok eit kjøpesenter nær deg, har ho gjort nokre flotte samarbeid med andre artistar, mellom anna dette med Grizzly Bear:
Og sjølvsagt har James Blake gjort sitt for å spre Feist til folket. Hans coverversjon av «Limit To Your Love» er av dei betre.
Tags: feist, how come you never go there, hør, metals, nytt album, stream
Her må man ikke glemme låten «You and I» fra Wilco (the Album). Feist har opptrådt en rekke ganger både med Jeff Tweedy og resten av Wilco.