Fredag den trettande
Rebecca Blacks «Friday» er på alles lepper for tida, og no har 13-åringen gått forbi Lady Gaga på YouTube. Kva rolle kjem internettfenomen eigentleg til å spela i framtidas musikkindustri?
Det er godt gjort om du endå ikkje har fått med deg 13 år gamle Rebecca Black og hennar «Friday», den siste vekas definitive YouTube-sensasjon. I løpet av den korte tida videoen til låta har vore tilgjengeleg på videonettstaden, har den blitt sett over 33 millonar gongar – det er rundt 10 millionar fleire klikk enn Lady Gagas musikkvideo til «Born This Way».
Dersom du har vore vekke frå nettet ei stund: Rebecca Black er ein amerikansk tenåring som betalte 2000 dollar for å få spele inn ein låt og musikkvideo i eit «profesjonelt» studio. Dimensjonane av merksemda som følgde var det nok få som såg for seg – den banale teksten, surrealistiske videoen og generelt platte gjennomføringa gjorde at latterleggjeringa hagla rundt den intetanande jenta, og via spreiing på diverse musikkbloggar og nettstader var meme-statusen snart eit faktum.
Tekstlinjer som «Yesterday was Thursday, today is Friday / Tomorrow is Saturday, and Sunday comes afterward» er kjapt blitt legendariske, medan låtas sekund-for-sekund oppdateringar på dagens gjøren og laden har sendt nokon sine tankar i desse baner:
Internett-kjendisstatusen gjekk raskt over til verkeleg berømmelse, slik den ofte gjer i desse dagar, og Black har dei siste dagane vore travelt oppteken med TV-opptredenar og intervju. Låta kan lastast ned via iTunes, og det ser ut til at Rebeccas foreldre utan problem kjem til å tene inn summen dei la ut for at dottera skulle få realisert popstjernedraumen.
Fleire brukar no tilfellet Rebecca Black til å diskutere kva rolle internettfenomen og memer kjem til å spela i framtidas musikkindustri. Justin Bieber er blant artistane som er blitt oppdaga ved hjelp av heimelaga YouTube-klipp, Lily Allen og Arctic Monkeys i si tid vart populære via MySpace, og Chicago-bandet OK Go kan takka klikktala til sine ekstremt populære musikkvideoar for store delar av deira suksess.
Under bransjetreffet South By Southwest, som gjekk av stabelen i Austin, Texas førre veke, dreide ein av paneldebattane seg om korleis YouTube, sosiale nettverk og stremingtenester som Spotify endrar måten nye band og artistar slår gjennom på, melder Billboard. Her vart det mellom anna spådd at i det tradisjonelle nettverket av plateselskap, utgivar, manager og agent, vil selskapet vera det fyrste til å bli gjort overflødig, og streamingtenester sin anbefalingsfunksjon vil etterkvart spele ei svært stor rolle når det kjem til å lansere nye artistar.
På spørsmål om korleis internettfenomen som Rebecca Black vil kunne byggje seg ei reell karriere på bakgrunn av sin brå kjendisstatus, herska det likevel brei semje at det ikkje er nok å vere kjend for å vere dårleg.
- Du må verkeleg vera flink for å kunne slå gjennom og halde deg på toppen av listene for ein lengre periode, seier John Ingrassia, leiar for managerbyrået Vector Management.
Adrian Chen, redaktør for sladresida Gawker, er ein av dei som har følgd nøye med på korleis slår seg opp som internettkjendisar, og ikkje minst på Rebecca Black. Han seier til nettsida Tech Crunch:
- Eg trur at du som internettfenomen vert satt i ein memebås, noko som betyr at du berre gjer visse memerelaterte ting, som å selga produkt knytt opp mot memen din, eller er med i talk shows og spøker om memen din. Mainstream-industrien plukkar dei opp, med lett avsky, og kastar dei vekk når dei er lei av dei.
Talent er med andre ord framleis ein vel så viktig faktor som antall YouTube-klikk. Dersom nokon skulle vere i tvil.
Tags: Arctic Monkeys, born this way, friday, Internett, internettfenomen, Justin Bieber, lady gaga, Lily Allen, meme, ok Go, rebecca black, SXSW, YouTube
Lol.
Det er litt betenkelig at journalisten tror at fenomenet har noe med musikk å gjøre. Om hun hadde søkt litt rundt, så hadde hun sett at dette kommer i kategorien humor, og at det er et mobbefenomen som skjer. Videoen blir linket mellom venner hvor alle vil le av hele greien, og blir postet på nettsider med titler som «teenage fail». Grunnen til at alle ser denne videoen er for å le.
Så sant så sant!
Hei Simon!
Sjølvsagt har denne videoen fått merksemd fordi den er latterleg – det håpar eg òg at kjem fram i teksten. At det ikkje har NOKO med musikk å gjera, er eg likevel ueinig i. Låta er skrudd saman av eit profesjonelt studio, og Rebecca Black hadde heller ikkje noko ynskje om å vera morosam då ho la videoen ut på YouTube. Musikk og (ufrivillig) humor treng trass alt ikkje ekskludera kvarandre:)
Best,
Maria
[...] LYDVERKET: Black større enn Gaga [...]
Det er merkelig at denne videoen har fått så mye negativ oppmerksomhet. Til å være en 13 år gammel ungpike, er musikkvideoen forholdsvis profesjonell. Og selv om teksten er banal, kan man vel ikke vente så mye av en 13-åring på det punktet? Jeg tror de færreste låtskrivere skrev fantastiske tekster som 13-åringer, og mange skriver fortsatt forferdelige tekster når de blir eldre, uten at det hindrer at sangene deres spilles i radioen uten at noen reagerer.
Når det gjelder låten sett bort fra teksten, synes jeg faktisk den er fengende, og jeg hadde ikke reagert om den ble spilt i radioen. At de som hører på tilsvarende musikk i radioen plutselig blir så kritiske når det er en 13-åring som synger, vitner om dårlig selvinnsikt. Ja, denne låten er forferdelig, men en 13-åring har i alle fall en god unnskyldning til å lage dårlige låter. Bare fordi hun har lagt videoen ut på YouTube, fortjener hun ikke alle de stygge kommentarene hun har fått.
teksten er faktisk skrevet av voksne mennesker. lol
After study a number of of the weblog posts in your web site now, and I really like your manner of blogging. I bookmarked it to my bookmark web site listing and shall be checking again soon. Pls check out my website online as well and let me know what you think.
[...] Friday, fjorårets største internettfenomen, dukket opp, bestemte han seg for å gjøre en versjon. Og [...]