Frå vekkelsesmøte til stadionkonsert
Kings Of Leon trudde dei kom til å havne i helvete då dei fekk platekontrakt. Ein ny dokumentar tek for seg historia til det som er blitt eitt av verdas største band.
Kings Of Leon legg ikkje skjul på at dei ynskjer å vera store, og i slutten av månaden kan dei, med utselde stadionkonsertar og glødande salstal allereie unnagjort, kryssa av nok eit sjekkpunkt på lista: Under Tribeca Film Festival, som går av stabelen 20. april – 1. mai i New York, er det nemleg premiere på banddokumentaren Talihina Sky: The Story Of Kings Of Leon. Filmen er regissert av Stephen C. Mitchell, og går tilbake til bandets røtter i pinsekyrkjelyden i Nashville, Tennesse.
Les Lydverkets anmeldelse av Kings Of Leon sitt siste album, Come Around Sundown, her!
I traileren til filmen, som du kan sjå under, kjem det klart fram at den konservative bakgrunnen gav grobotn for stor tvil om musikkarriera var rett vei å velje eller ikkje. Frontmann Caleb Followill seier i byrjinga at han ikkje fekk sove i tida etter at dei visste at dei kom til å få platekontrakt; han var sikker på at han kom til å ende i helvete. Gudestatus i musikkverda var likevel meir freistande enn underverdas djevlar var skremmande, til sjuande og sist.
Då Lydverkets reporter Kristin Winsents møtte Caleb i fjor, var han ikkje nådig mot band som ikkje våger å innrømme at dei ynskjer å bli store: Det er berre bullshit å seie at ein berre vil spela på små klubbar, hevda han. Sjå heile reportasjen, som tek for seg Kings Of Leons steg opp i rockens elitedivisjon, her:
Tags: Caleb Followill, Dokumentar, film, Kings Of Leon, talihina sky, trailer
[...] Mathias gleder seg minst til er at Iron Maiden, Kings Of Leon og The Strokes skal [...]