Kanye West på Øya-festivalen i fjor. Foto: Kim Erlandsen, NRK P3

Kanye West på Øya-festivalen i fjor. Foto: Kim Erlandsen, NRK P3

Frå aust til West

Kanye West vil byggje bru over kulturforskjeller med ny kortfilm, og skal sjå etter innspelingsstad i Midtausten.

Skrevet av:
Publisert 13:46 2 februar, 2012

Kanye West er – reint bortsett frå å vera ein av verdas aller mest innflytelsesrike hip hop-figurar – godt kjend for sine filantropiske visjonar. Utslaga har vore så mange, med lanseringa av det kreative selskapet DONDA – med mål om å «endre verda gjennom design» – som det foreløpig siste i rekka.

Ifølgje New York Observer skal Yeezy no vera igang med planlegginga av eit nytt, storslått prosjekt: Ein kortfilm lagt til Midtausten – nærare bestemt Abu Dhabu i Dubai og Doha, Qatar.

West skal ha forelska seg i regionen etter å ha opptrådd i Abu Dhabu i fjor, og følgjande planlagt ein kortfilm med Midtausten i tankane. Observer hevdar å ha fått stadfesta at artisten har sendt folk for å sjå an tilhøva, og at dette raskt førte til at lokale styresmenn kasta seg ut i budkrig for sikra seg superstjerna sitt nærvær.

Det blygsame målet med innspillinga skal visstnok vera å retta opp «forutinntekne førestillingar og stereotypar» om innbyggjarane i regionen, og «byggje bru over kulturskilnader og misoppfatningar.» West skal i følgje kjeldene vera særs oppteken av å få til ein autentisk framstilling av kulturen i området.

I same andedrag vert det rapporert at rap-artisten er på jakt etter «flashy sheiks» til å vere med i videoen. Noko som sjølvsagt er eit totalt brot med folks fordommar mot Midtausten.

Om dette er noko som faktisk materialiserar seg eller ikkje gjenstår å sjå, men planane sender unekteleg tankane til den halvtimelange og svært så konseptuelle «Runaway»-videoen som West lanserte i 2010, i forkant av lanseringa av My Beautiful Dark Twisted Fantasy.

«Runaway»:

Tags: , , , , ,

Del "Frå aust til West"

Legg igjen en kommentar