Fortsatt pop

Fortsatt pop

Britney Spears seglar rett inn på toppen av dei amerikanske hitlistene med sin siste singel «Hold It Against Me».

Skrevet av:
Publisert 15:14 24 januar, 2011

Det er over tolv år sidan ei ung og uskuldsrein Britney Spears – for anledninga kledd i knestrømpar og faldeskjørt – slo ned som ein meteoritt i amerikansk populærkultur. Karriera som fulgte var, for å seia det enkelt, full av både oppturar og nedturar, men mentale samanbrot, barberte hovud og aukande trailer trash-faktor til trass – popikonet Britney Spears har på eitt eller anna vis greidd å halda på glansen. I alle fall marknadsverdien.

For andre gong i karriera går no frk. Spears rett inn på toppen av Billboardlista, med sin siste singel «Hold It Against Me». Forrige höjadare var singelen «3″ frå 2009. Einaste artist som har greidd ei liknande bragd er – slik tilfellet ofte er i Billboardsamanheng – Mariah Carey. Med 411 000 nedlastingar er «Hold It Against Me» den mest nedlasta låta av ein kvinneleg artist i løpet av éi veke nokonsinne.

Så – sitt Britney framleis trygt på popprinsessetrona? Eller har ho ofra den for ein plass på dansegolvet?  Du står fritt til å dømma sjølv.

Tags: , , , ,

Del "Fortsatt pop"
 

1 kommentar på “Fortsatt pop”

  1. Krister Johansen sier:

    lol på Britney. Makan t makkværk! D:

Legg igjen en kommentar