Dave Grohl under ein konsert for VH1 i 2009

Dave Grohl under ein konsert for VH1 i 2009

Foo Fighters er ferdig

Innspelinga av bandets sjuande studioalbum er avslutta – høyr dei spela den nye låta «These Days» live her!

Skrevet av:
Publisert 11:37 31 januar, 2011

Foo Fighters er ferdige med innspelinga av sitt siste album, skal me tru bandets Twitter-konto. Før helga inviterte dei til klubbkonsert i Santa Barbara, der dei spelte gjennom heile plata frå fyrste til ellevte (og siste) låt. I følge dei som var tilstades, støtta konserten opp om Dave Grohl sine påstandar om at dette er det hardaste Foo Fighters-albumet til no. Visstnok skal det ikkje vera ein einaste akustisk gitar på heile plata.

For alle dei som ikkje var heldege nok til å a) befinna seg i California i helga, og b) i tillegg vera invitert på intimkonsert med Dave Grohl og gjengen, fins det heldigvis trøyst: Etter lang tid utan anna enn diverse teasers å gå etter, er det no mogleg å høyra ein av den komande platas låtar i sin fulle lengde. Så her er den –  »These Days»:

Ettersom bandet spelte det nye albumet frå begynnelse til slutt, gjer setlista oss antakeleg ein peikepinn om platas tracklisting også. Den ser slik ut:

Bridge Burning
Rope
Dear Rosemary
White Limo
Arlandria
These Days
Back & Forth
Matter of Time
Miss the Misery
I Shoulda Know
Walk


Dave Grohl inviterte nyleg NME inn i garasjen sin, der Foo Fighters tilfeldigvis har spelt inn heile det nye albumet. Sjå han legga ut om yndlingsgitarar og «garage sound» her:

Foo Fighters speler på Telenor Arena 24. juni – er du blant dei heldege som fekk billettar av Lydverket? Releasedato og albumtittel er endå ikkje annonsert, men me reknar med å ha detaljane på plass om ikkje alt for lang tid.

Tags: , , , ,

Del "Foo Fighters er ferdig"
 

11 kommentarer på “Foo Fighters er ferdig”

  1. [...] This post was mentioned on Twitter by NRK Lydverket, Live Nation Norway. Live Nation Norway said: Yes ass! RT @Lydverket: Foo Fighters er ferdig!: Innspelinga av bandets sjuande studioalbum er avslutta http://bit.ly/ghQZdh [...]

  2. Truls sier:

    HÆRLIG!
    Gleder meg til å høre resten. Liker at dette blir et «hardt» album! Syns FF er på sitt beste når de tråkker skikkelig til! :-)

  3. vaskebur sier:

    «er ferdig med sitt sjuande studioalbum» også bilde av Dave Grohl. Han har vel kanskje gjort sitt 20 studioalbum. Nirvana, queens of the stone age, probot, nin, tenacious d, osv er alle band med dave grohl.

    • Maria Horvei sier:

      men…eg trudde dave grohl var med i foo fighters? som er ferdig med sitt sjuande studioalbum?

    • Anette sier:

      Gud bedre. Du tuller, sant?
      Overskriften er til og med «Foo Fighters er ferdig». Her var det kjempevanskelig å forstå at saken ikke handlet kun om Dave Grohl… Snakk om flisespikking hefra til helvete.

  4. johon sier:

    Med den overskriften håpte jeg at bandet Foo Fighters var ferdig. Gir seg. Faen, sikkert lenge til den vakre dagen kommer!

  5. E sier:

    Å takk gud for d!

  6. navn sier:

    Godt at de omsider gir seg nå. Grohl er utvilsomt best som trommis. The white stripes har forresten også lagt karrieren på hylla nå. Det fortjener en liten sak synes jeg. De la opp 2 februar.

  7. navn sier:

    leste visst bare overskriften, i likhet med mange andre. Haha.

  8. [...] må kryssa av i kalendaren – då kjem bandets sjuande studioalbum ut. Etter at ein i forrige veke kunne høyra eitt av platas 11 spor, har no liveversjonar av heile sju låtar funne vegen ut på [...]

Legg igjen en kommentar