Fire nye til parken
Middelalderparken har fått fire nye, ferske og forskjellege namn på plakaten. Det er snakk om svensk rock, kvinneleg hiphop, festmusikk frå Malawi/ London og amerikansk rock`n roll. Det er berre å begynne nedtellinga, festivalsommaren er rett rundt hjørnet! Thåström, eller Joakim Thåström er kanskje mest kjent som vokalisten i punkbandet Ebba Grön. Men i seinare […]
Middelalderparken har fått fire nye, ferske og forskjellege namn på plakaten. Det er snakk om svensk rock, kvinneleg hiphop, festmusikk frå Malawi/ London og amerikansk rock`n roll. Det er berre å begynne nedtellinga, festivalsommaren er rett rundt hjørnet!
Thåström, eller Joakim Thåström er kanskje mest kjent som vokalisten i punkbandet Ebba Grön. Men i seinare tider, har han bygd seg opp ei solid karriere som svensk rockepoet, og har haldt «koken» i bransjen i omkring 30 år. I mars kom det første soloalbumet på 20 år, Kärlek Är För Dom der bidragsytarane sprikar frå Anna Ternheim til Bob Hund.
Amanda Blank er ei dame som absolutt er verdt å merke seg, om du ikkje alt har gjort det. Amanda har blirr spådd ei lysande hiphop karriere og frå før har ho samarbeid med Spank Rock, Ghostface Killah, M.I.A. og Santigold på samvittigheita. Men 14. juli er ho klar for å sleppe debutalbumet, der ho sjølv får hjelp frå artistar som Lykke Li, Santigold og TV on the Radio for å nevne nokre.
The Very Best er eit samarbeid mellom Esau Mwamwaya frå Malawi og den britiske duoen Radioclit. Desse fire menneska kokar saman tradisjonell musikk frå Malawi, hiphop, klubbmusikk og pop til ei unik og bra gryte. Ei dansbar sådan. Namnet sitt har dei klart å bygge opp ved å lage feite remixar, coverlåtar og fleire fine samarbeid med kjente band og artistar. Og no skal eit debutalbum med eigne ting vere rett rundt hjørnet.
The Soft Pack er ein amerikansk rocke-kvartett som lenge gjekk under namnet «The Muslims». Eit namn dei fire gutane såg seg nødt til å skifte etter at dei trakk til seg så mykje mediemerksemd. Tjah, kanskje ikkje så rart? Uansett, musikken dei spelar er i eit landskap mellom punk og garagerock. Bandet har «kun» eit par EP`ar og singlar på kappa, i tillegg til å ha varma opp for The Breeders, The Last Shadow Puppets og Franz Ferdinand. Også desse har eit debutalbum som snart er klart for kritikarane, men det må vi vente til september for å høyre. Men ein skal ikkje sjå vekk ifrå at det fell eit par nye låtar på publikummet i parken.
Har du tenkt å få med deg alle fire dagane på Øyafestivalen, så bør du ikkje vente for lenge. Det er nemleg berre 900 festivalpass igjen å få kjøpt…
Tags: amanda blank, anna ternheim, bob hund, ebba grön, esau mwamwaya, Festival, Franz Ferdinand, Ghostface Killah, Lykke Li, M.I.A., Middelalderparken, programslipp, radioclit, Santigold, spank rock, thåström, The Breeders, The Last Shadow Puppets, the soft pack, the very best, TV On The Radio, øyafestivalen