Fin fransk vin

Sam Beam framfører «Tree By The River». I ein vinkjellar. Under ei trapp.

Skrevet av:
Publisert 16:01 25 januar, 2011

Etter at Kiss Each Other Clean mottok svært flatterande omtale av Lydverkets anmeldar denne veka, og ettersom mannen sjølv straks står på scena i hovudstaden, er ikkje eit lite liveglimt av Iron And Wine å forakta. Spesielt ikkje når det er henta frå den svært så hippe, svært så franske serien Take-Away Shows frå La Blogotheque. Artistar vert invitert til å framføra musikken sin i ein uvant setting – ikkje heilt ulikt slik det foregår når Lydverket sjølv tek på seg spandererbuksene.

Sam Beam får her sjansen til å smaka på lokal vin (passande nok), før han leverer ein meget snygg versjon av «Tree By The River» midt mellom flaskene. Opptaka vart gjort i oktober i fjor, og filma av Colin Solal Cardo. Sjekk det ut sjølv i toppen av saken!

Tags: , , ,

Del "Fin fransk vin"

Legg igjen en kommentar