Fantastiskt og eksklusivt
25. mars, om 17 dagar, slepper Bob Hund si første plate på åtte år. Noko som er ganske stort for alle som er fan av den skånske sjarmskrammelmusikken. Vi har tidlegare skrive at ein singel kan ventast før plateslipp. Og jada, det stemmer. Men det er ikkje ein heilt vanlig singel det er snakk om. […]
25. mars, om 17 dagar, slepper Bob Hund si første plate på åtte år. Noko som er ganske stort for alle som er fan av den skånske sjarmskrammelmusikken. Vi har tidlegare skrive at ein singel kan ventast før plateslipp. Og jada, det stemmer. Men det er ikkje ein heilt vanlig singel det er snakk om.
Bob Hunds nye singel ”Fantastiskt” blir «sluppet» fredag 13. mars, og når vi skriver sluppet i hermetegn, då meiner vi at den alt har vert ute for auksjon i ti dagar. Auksjon tenker du kanskje, og lurer litt på kva det er snakk om no? Men det skal vi såklart fortelle deg.
Når Bob Hund slepper den første nye låta på seks år, då skal det gjerast på ein ny måte, kanskje på ein litt utradisjonell måte også. For låta «Fantastiskt» blir berre sluppet som vinyl. Og i kun eit eksemplar! Du såg riktig, eit eksemplar. Og plateomslaget er heller ikkje slik vi er vant med det. Det er nemlig ein fysisk platespiller, som er dekorert og signert av han som har laga logoen deira, Martin Kann. Sjølve plata sitter fast i platespelaren og er ei dubplate som kan spelast av ca. 30 gonger. A real piece of art altså.
Sært, morsomt og fint. Er du keen på å vere den einaste som har den første singelen frå nye plata, då må du nesten sjekke ut denne auksjonen. Som forøvrig blir avslutta kommande fredag den 13. mars kl 14.00. Og det kan også vere fint å vite at i skrivande stund ligg det høgste budet på 1775 dollar.
Men uansett, plateselskapet til Bob Hund har bekrefta at dette er den einaste utgivelsen som eksisterar. Fett å få den i posten tenker eg.
Tags: bob hund, ekslusiv låt, fantastiskt, plateslipp, Singel, skåne
utrolig rått, hvem ellers skulle gjøre noe sånn enn skandinavias beste band. Får bare glede meg til albummet for å høre låten og ALLE de andre. )
Et annet svensk band var ute bittelitt før med en lignende idé. The Embassy har i skrivende stund 5 timer igjen av sin ebay-auksjon, der de selger de 3 eneste publikums-eide eksemplarene av singelen «You Tend To Forget» (bandet + cover-kunstneren eier de resterende 3 av totalt 6 eksemplarer).
Pris? Nå ligger den på 150$, tett over tusenlappen. http://www.srvc.se/
Kanskje dette er redningen til musikkindustrien, å selge FÆRRE plater…?
Det et er sikkert et et svar på piratvirksomheten som foregår i Sverige for tiden. Bob Hund tjener sikkert like mye som med vanlig singelutgivelse uansett. Nå får folk tenke seg om neste gang de tar musikk fra dyktige musikkere!