Stemningsbilete frå Øya 2009. Foto: Kim Erlandsen, NRK P3

Stemningsbilete frå Øya 2009. Foto: Kim Erlandsen, NRK P3

Europas musikkhovudstad?

Irske forskarar har undersøkt kva byar som formar musikksmaken vår. Svara? Atlanta, Montreal – og Oslo.

Skrevet av:
Publisert 13:09 19 april, 2012

Ledar-følgjar-nettverk for dei mest aktive byane i Europa, som illustrert i Lee og Cunningham si undersøking.

Nettverksundersøkingar kan gje eit interessant blikk på korleis idear og nyvinningar sprer seg i eit samfunn. Enten det er snakk om mote eller teknologi, har forskarar gong på gong sett at der visse leier an, diltar andre etter.

Men fins det leiande og diltande byar når det kjem til musikk? Det ville dei irske forskarane Conrad Lee and Pádraig Cunningham ved Clique Research Cluster finne ut, då dei satte føre seg å undersøka dei geografiske mønstera i flyten av musikkpreferansar.

Gjennom å undersøka brukarstatistikken til musikknettstaden last.fm, meiner dei to forskarane å kunne skilja ut klare tendensar, melder Washington Post.

Last.fm vart dels vald på grunn av mengda av informasjon dei samlar inn om lyttevanane til brukarane sine, gjennom den såkalla «scrobbling»-funksjonen. Takka vera dette, kan dei til dømes setja saman geografiske lister, som viser kva folk i ditt område høyrer mest på.

Det var desse geografiske listene Lee og Cunningham studerte – over 200 byar i alt -  for å finna ut om det fanst nokre byar gjekk i bresjen når det gjaldt lyttevanar og musikksmak.

Noko av det dei kom fram til – som du kan lesa alt om her – var at det ikkje nødvendigvis er dei aller største byane som er i front.

I USA leier Atlanta an på hip hop-fronten, Montreal er byen å sjå til for indie – medan Oslo altså er byen med Europa med det mest toneangivande musikkpublikummet for ein samla sjangerfront.

Om undersøkinga gjev eit riktig bilete av røynda, er altså det Oslo-baserte last.fm-brukarar høyrer på i dag, ein peikepinn på kva resten av Europa kjem til å høyra på i morgo. Også Stockholm og Hamburg er ifølgje undersøkinga viktige byar, medan Paris  er leiande innan indie.

Skeptisk festivalsjef

Dette stiller kanskje Oslo-borgarar i eit flatterande lys, men Claes Olsen, bookingsjef i Oslofestivalen Øya, stiller seg tvilande til at det norske musikkpublikummet er best i klassen når det gjeld å vera tidleg ute med trender. Han mistenker at resultata i undersøkinga kan henga saman med andre faktorar.

-  Det eg trur, er at nordmenn er flokkdyr. Når noko fyrst blir ei trend her til lands, tek mange tak i den, og det vert synleg veldig kjapt.

Eit liten by som Oslo viser då klarare tendensar på musikkfronten enn store byar, der lyttartala mest sannsynleg er fordelt på fleire artistar, trur Olson. Så nordmenn er kanskje ikkje så progressive som denne undersøkinga kan gje inntrykk av.

- Om ein tek vekk dei norske og dei skandinaviske artistane på topplistene til Wimp og Spotify, er det eit ganske så topptungt utval av internasjonale artistar som står att, påpeiker Olsen.

Olsen, som understrekar at han har liten oversikt over kven det er som bruker last.fm og ikkje her til lands, har likevel inntrykk av at nordmenn er relativt godt oppdaterte på musikkfronten – i alle fall i forhold til kor langt unna sentrum av musikkbransjen me er å finne.

- Me er mange som har god tilgong til internett, og det hjelper, seier han.

Framleis under arbeid

Det er også  god grunn til å ta resultata frå undersøkinga med ei klype salt.

Til trass for at last.fm har fleire titals millonar brukarar over heile verda (30 millionar i 2009, ifølgje dei sjølve), er det utan tvil mange musikkonsumentar som fyrst og fremst støttar seg til andre avspelingsverktøy – det vere seg Spotify, Soundcloud, YouTube eller iTunes.

I kva grad last.fm-brukarar er representative for eit større publikum, kjem ikkje klart fram i undersøkinga. Forskarane understrekar òg at dette er eit «work in progress». Dei ynskjer no å testa om funna deira har «predikativ verdi», altså om dei er eigna til å spå utviklinga innan musikkpreferansar.

Tags: , , , , , ,

Del "Europas musikkhovudstad?"
 

19 kommentarer på “Europas musikkhovudstad?”

  1. Anonym sier:

    Jeg scrobbler all musikk jeg spiller på pcen både fra spotify, wimp til last.fm. det samme gjelder for mobilen. så å bruke at folk hører på spotify som et argument for at last.fm ikke er representativt blir litt feil imo.

  2. Anonym sier:

    Jeg scrobbler all musikk jeg spiller på pcen både fra spotify, wimp til last.fm. det samme gjelder for mobilen. så å bruke at folk hører på spotify som et argument for at last.fm ikke er representativt blir litt feil imo.

  3. Anonym sier:

    Jeg scrobbler all musikk jeg spiller på pcen både fra spotify, wimp til last.fm. det samme gjelder for mobilen. så å bruke at folk hører på spotify som et argument for at last.fm ikke er representativt blir litt feil imo.

  4. Anonym sier:

    Det er fler konserter i Oslo iløpet av ett år enn i resten av hovedstadene i Skandinavia tilsammen.

  5. Anonym sier:

    Det er fler konserter i Oslo iløpet av ett år enn i resten av hovedstadene i Skandinavia tilsammen.

  6. Anonym sier:

    Oslo!? Harru røyka eller?

  7. aleskr sier:

    Oslo, Atlanta og Montréal? Hmm, merkelege byar!

    (NB: takk vere* – «takka vera» finnest ikkje)

  8. Anonym sier:

    Elsker eller hater du Lydverket våren 2012?

    O Elsker
    O Hater

    Gi din stemme!

    *Vis resultatet*

  9. Anonym sier:

    Elsker eller hater du Lydverket våren 2012?

    O Elsker
    O Hater

    Gi din stemme!

    *Vis resultatet*

  10. Anonym sier:

    Elsker eller hater du Lydverket våren 2012?

    O Elsker
    O Hater

    Gi din stemme!

    *Vis resultatet*

  11. Det er ganske mange som scrobbler alt de hører via spotify og itunes o.l. til last.fm selvom de ikke nødvendigvis scrobbler det fra last.fm. Det gjør jeg selv i alle fall.

  12. står det på nynorsk eller dialekt?

Legg igjen en kommentar