Elektroniskleftifieldtriphoprock til Hove
Oh yes. Tittelen er like vanskelig å lese, stave og uttale som det vekas tredje Hove-booking er. For prøv å sei dette riktig du; Fujiya & Miyagi er det siste tilskuddet på plakaten så langt. Britiske Fujiya & Miyagi spelar noko vi kan kalle for alternativ elektro. Men med ein dose krautrock frå 70- tallet, […]
Oh yes. Tittelen er like vanskelig å lese, stave og uttale som det vekas tredje Hove-booking er. For prøv å sei dette riktig du; Fujiya & Miyagi er det siste tilskuddet på plakaten så langt.
Britiske Fujiya & Miyagi spelar noko vi kan kalle for alternativ elektro. Men med ein dose krautrock frå 70- tallet, ein liten kladd Aphex Twin, ein dæsj Serge Gainsbourg, to teskjeér Pink Floyd og godt krydra med Brian Eno’sk tryllestøv begynner du å nærme deg bandets magiske tryllemiks. Som du skjønar, så er det både vanskelig å uttale og vanskelig å beskrive. Vi trur rett og slett at dei berre må opplevast.
Neste midnattsoverraskelse blir Toffen`s nye, amerikanske og personlige favoritt band. Kva no det enn måtte vere, så stay tuned. Vi følger opp saken i morgon.
Tags: booking, Festival, festivalbooking, fujiya & miyagi, hove 09, Hovefestivalen, Musikk