Ein verden utan In Rainbows?

Det er jo heilt utenkjeleg. Og heldigvis ikkje tilfelle. Men det kunne vore det. Og In Rainbows kunne vore noko vi berre hadde drøymt om. Dersom Radiohead alltid gjorde som manageren sa. Eit av 2007`s største musikalske tilskudd, var utan tvil Radiohead si sjølvfinansierte plate In Rainbows. Plata som først var tilgjengeleg for nedlasting, der […]

Skrevet av:
Publisert 9:15 5 mai, 2009
Hadde vi klart oss utan Radioheads In Rainbows? Foto: MySpace

Hadde vi klart oss utan Radioheads In Rainbows? Foto: MySpace

Det er jo heilt utenkjeleg. Og heldigvis ikkje tilfelle. Men det kunne vore det. Og In Rainbows kunne vore noko vi berre hadde drøymt om. Dersom Radiohead alltid gjorde som manageren sa.

Eit av 2007`s største musikalske tilskudd, var utan tvil Radiohead si sjølvfinansierte plate In Rainbows. Plata som først var tilgjengeleg for nedlasting, der du sjølv kunne velge om du ville betale for den eller ei. Og som seinare (31. desember 2007) kom ut i fysisk form. Dette er også den første plata bandet slapp etter å ha brutt kontrakten med EMI.

Men hadde eit av englands største rockeband alltid høyrt på sin manager Brian Message, då er det ikkje sikkert vi hadde fått opplevd denne magiske plata. Og det er ikkje sikkert vi hadde høyrt meir til Radiohead. Den irske avisa Irish Times skriv nemleg at Message og to andre frå Courtyard Management skal ha råda bandet til å splitte opp, to år etter at dei forlot EMI og før den siste plata var ferdig. Låtar til eit nytt album var ferdig skrivne, men bandet klarte ikkje å oppnå den lyden dei var ute etter i studio. Og managementet meinte at det var på tide å «call it a day». Dei var jo tross alt ikkje noko nermare ei albuminnspeling, og det var gått altfor mange år sidan forrige plateslepp…

Men takk og lov var dei ikkje så dumme at dei lytta til desse mennene denne gongen. Og vi fekk heldigvis sjangsen til å drøyme oss vekk i Thom Yorke sin følsomme vokal og trykke In Rainbows til brystet.

For tenkt deg å ikkje kunne setje på f.eks «Nude» og «All I Need» når du måtte føle for det? Korleis hadde kvardagen vår vore då?

Nei Thom, les du dette: gå å lag ei ny plate du!

Tags: , , , ,

Del "Ein verden utan In Rainbows?"

Legg igjen en kommentar