Ein takk til fansen

Er du glad i Coldplay? Har økonomien begynt å skrante, slik at du kanskje ikkje har råd å bruke opp pengane på å kjøpe musikk? Jaja, godt at Coldplay er så gavmilde då. Chris Martin og co har nemleg avslørt at frå 15. mai til 19. september er det mogleg å laste ned deira kommande […]

Skrevet av:
Publisert 9:00 2 mai, 2009

Er du glad i Coldplay? Har økonomien begynt å skrante, slik at du kanskje ikkje har råd å bruke opp pengane på å kjøpe musikk? Jaja, godt at Coldplay er så gavmilde då.

Chris Martin og co har nemleg avslørt at frå 15. mai til 19. september er det mogleg å laste ned deira kommande live-plate LeftRightLeftRightLeft. Heilt gratis. I tillegg til at den vil bli delt ut på alle gjenståande konsertar i 2009. Og det igrunn berre for å vere hyggjeleg.

Sjølv seier Chris Martin og resten av Coldplay «Playing live is what we love. This album is a thank you to our fans – the people who give us a reason to do it and make it happen.

Det har jo lenge gått rykter om at det ville komme eit nytt Coldplay album ganske rask etter fjorårets Viva La Vida The Death and All His Friends. Og det ser jo ut til at dette er eit rykte som no er blitt bekrefta. Live-plata består av ni låtar, som alle er henta frå «Viva La Vida» turneen.

Dette er jo altså gode nyheiter for folket som har tenkt å få med seg Coldplay i Bergen til sommaren. Og for alle som ikkje skal, så kan det jo vere ein trøst at du kan laste den ned på bandets eigne sider. Så det skal ikkje vere umogleg å skaffe seg ei gratis utgåve av den neste Coldplay plata uansett. Ingenting er jo kjekkare enn å få gåver. Er ikkje dette hyggjeleg, så veit ikkje eg.

Og tracklisten ser slik ut:

1. Glass of Water
2. 42
3. Clocks
4. Strawberry Swing
5. The Hardest Part/Postcards From Far Away
6. Viva La Vida
7. Death Will Never Conquer
8. Fix You
9. Death And All His Friends

Tags: , , , , , , , ,

Del "Ein takk til fansen"

Legg igjen en kommentar