Ein stille protest
I dag går fleire amerikanske musikknettsider i svart, i protest mot dei omstridte lovforslaga SOPA og PIPA.
Dei fleste vil gå med på at både Internett og musikk er umistelege goder. Likevel har dei to einingane vore i varm og kald krig med kvarandre mest frå starten av – i alle fall sidan Napster-logoen stakk fram øyrene sine kring årtusenskiftet. På andre sida av Atlanteren vert eit nytt avgjerande slag no utkjempa: kampen om Stop Online Piracy Act (SOPA).
SOPA, og det komplementerande lovforslaget PIPA (Protect Intellectual Property Act) vert i dag behandla i den amerikanske kongressen, før representantane skal stemma over saken 24. januar. Konsekvensane, dersom desse vert vedteke, er potensielt enorme.
Lovforslaget ynskjer å gje den amerikanske regjeringa fullmakt til å slå rettsleg ned på nettsider som vidareformidlar åndsverkslov-verna innhald, både i form av streaming, nedlastbart materiale og linkar.
Ettersom den amerikanske lovgjevinga allereie er svært streng når det gjeld copyright, vert skytset i stor grad retta mot utanlandske sider; målet er ei utviding av fullmaktene til det amerikanske rettsystemet, slik at også sider lokalisert utanfor USA kan angripast.
Les meir om SOPA hjå NRK Kultur- og underhaldning!
Dei som er for, ser på lovforslaga som eit viktig skritt i retning av å beskytta opphavsretten, og ikkje minst straffa dei som snylter på andre sitt arbeid. Dei som er mot, fryktar Kina-liknande sensur av Internett.
Les også: Obama er imot SOPA-lovforslaget
Kritisk for musikksider
Konsekvensen for sider som bryt SOPA når den eventuelt trer i kraft, vil vera full svartelisting. Sider kan bli blokkert frå reklameinntekter, handel via betalingstenester som PayPal, og søkemotorar.
Sider som samlar ulovlege torrents, som til dømes Pirate Bay, vil med andre ord ligga tynt an, men også sider som YouTube, Flickr og Vevo kan verta hardt råka.
Og midt i skuddlinja finn ein sjølvsagt nettets tallause musikkbloggar- og nyhendesider, som i stor grad baserer seg på deling av opphavsrettbeskytta materiale.
Ei rekke musikksider gjer difor i dag som Wikipedia, og går i svart. Oppfordringa er den same overalt: Bevar Internett slik me kjenner det – protester mot SOPA og PIPA.
Antiquiet har utdjupa med mellom anna dette:
«The visionaries that built the internet and some of the healthiest sectors of the American economy have been kept out of the discussions, and slandered as traitors of liberty by the most shortsighted of men. Today the innovators are punishing the cowards with the most severe consequence, that of silence.
We are joining them to show the world what a censored internet looks like. This is what the world will look like if the danger of innovation becomes too great for our visionaries to challenge, and obedience to the status quo is forced upon us.»‘
Ynskjer du å protestera mot SOPA, sjølv om du ikkje bur i USA? Gå hit!
Gjensidig nytte?
Fleire har peikt på at musikkbransjen og musikksidene har gjensidig nytte av kvarandre: Bloggarar promoterer den musikken som plateselskapa ynskjer å selje. Det er heller ikkje uhøyrd at plateselskapa sjølv står for tidlege album- og låtlekkasjar, som så vert plukka opp av bloggnettverka.
LA Weekly refererte før jul til ein sak frå 2010, der kring 80 musikknettstader vart midlertidig stengt som følge av skuldingar om «copyright infringement». Her hevda fleire av dei anklaga at deira såkalla brot på opphavsretten kom direkte frå plateselskapa.
Mitch Glazier, visepresident i bransjeorganisasjonen Recording Industry Assosiation of America, seier derimot – i ein bloggpost – at piratverksemd er ein «trussel mot tryggleiken» til amerikanske borgarar, som kvar dag forårsakar millionar av dollar i tapte inntekter for amerikanske tilsette og selskap. Han går i same innlegg mot det «alternative» lovforslaget OPEN.
Tags: kongressen, Musikk, open, pipa, protest, RIAA, sopa