Ein i minus for The Bad Seeds
The Bad Seeds har mista ein av grunnleggarane og dei faste medlemma i bandet denne veka. Neida, Nick Cave fortsetter, men det gjer ikkje Mick Harvey. Han har bestemt seg for å slutte i bandet, når dei opplever eit av høgdepunkta i karrieren sin. Harvey har vert med Nick Cave and the Bad Seeds sidan […]
The Bad Seeds har mista ein av grunnleggarane og dei faste medlemma i bandet denne veka. Neida, Nick Cave fortsetter, men det gjer ikkje Mick Harvey. Han har bestemt seg for å slutte i bandet, når dei opplever eit av høgdepunkta i karrieren sin.
Harvey har vert med Nick Cave and the Bad Seeds sidan starten i 1983. Han har vert med sidan debutplata From Her To Eternity fra 1984 og fram til siste plata Dig, Lazarus, Dig!!! som kom ut i fjor. Og på denne tida har han bidratt på forskjellige måtar, då han både kan synge, spele både gitar, bassgitar, keyboard og trommer. Og tilsaman har han med resten av bandet gitt ut heile 14 studioalbum.
Sjølv seier han dette om kvifor han forlater The Bad Seeds: ‘After 25 years I feel I am leaving the band as it experiences one of its many peaks; in very healthy condition, and with fantastic prospects for the future’.
Men han seier også at han vil fortsette å jobbe med The Bad Seeds remastered collectors editions utover året som kommer. Sjølv om han ser fram til nye prosjekt i framtida. Det var no hyggeleg så lenge det varte. Og når du rekna ut kor mange år det er mellom 1983 og 2009, så ser du jo at han har ei bra karriere med seg derfra iallefall.
Tags: Dig!!! Lazarus Dig!!!, from her to eternity, mick harvey, Musikk, Nick Cave, Nick Cave & The Bad Seeds, nick cave and the bad seeds, the bad seeds