Ein haug med spellemenn og kvinner

Vi har prøvd å samle opp Lydverket-stoff på alle vinnarane av Spellemannprisen 2008. Så godt som det lar seg gjere iallefall. Så om du ikkje har fått banka inn i skallen kven som blei spellemenn i år, så er det ein haug med videoar av nokre nedanfor i saken. Kanskje likar du artistane som vann […]

Skrevet av:
Publisert 17:02 26 januar, 2009
Foto: NRKP3/ Kim Erlandsen

Foto: NRKP3/ Kim Erlandsen

Vi har prøvd å samle opp Lydverket-stoff på alle vinnarane av Spellemannprisen 2008. Så godt som det lar seg gjere iallefall. Så om du ikkje har fått banka inn i skallen kven som blei spellemenn i år, så er det ein haug med videoar av nokre nedanfor i saken. Kanskje likar du artistane som vann betre (eller verre?) etter å ha sett alle dei 11 videoane vi har plukka fram. Have fun, go mad!

Årets Kvinnlege artist, Maria Mena brast i gråt på scena, og klarte ikkje å få fram særlig mange ord. I dette klippet derimot, der seier ho ein heil del ting om karrieren og artistlivet.

Årets Mannlege Artist og årets populærkomponist gjekk til ingen ringare enn flinke, flinke Thom Hell. I fjor spesialkomponerte han låta Last Day Of Summer for Lydverket. Den kan du sjå igjen no.

Real Ones køyrer ofte dit dei skal, i real mobile såklart. Og iløpet av sin 15 årige karriere, har dei køyrd 60.000 KM og slitt ut seks bilar. Lydverket fekk vere med Årets Popgruppe over fjellet på ein av dei mange turane bilen har vore ute på.

Har du ikkje særlig peiling på elektronika sjangeren, då burde du først og fremst sjekke ut spellemann vinner Lindstrøm. Som lagar musikken sin på ei datamaskin. Sjekk ut denne videoen for vidare informasjon om Lindstrøm og andre laptopartistar.

I kategorien Rock var det som du sikkert har fått med deg, Lukestar som vant statuetten. Sjekk ut Lydverket Spanderer videoen der Lukestar spelar ein akustisk versjon av In A Hologram blant bilskrog og kalenderpiker.

Hausten 2007 vann Ida Jenshus Lyden av Lørdag. Lørdag vann ho også ein Spellemann i kategorien Country. Og i oktober i fjor, framførte ho ei låt på rekvisittlageret til NRK.

Karpe Diem kom ikkje berre dalande ned frå taket i Oslo Spektrum på laurdag, dei vant også i kategorien HipHop, som ikkje blei vist på TV. Lydverket møtte dei to karane under musikkfest i fjor sommar.

Ho vart Årets Urørt i 2007. Og året etter får ho Spellemann for Årets Nykommer. Snakk om sjumilssteg for Ida Maria. Sjølv tykkjer ho at det er skummelt å spele konsertar i Norge.

Det skulle ikkje vere vanskelig å finne noko stoff om Madcon, dei har jo ikkje akkurat vore usynlege i 2008. Og det fekk dei valuta for under prisutdelinga. Årets video og eksportprisen tok dei med seg heim. Lydverket fekk vere med når dei spelte på WMA sist år.

Årets Hit gjekk velfortjent til Melodi Grand Prix Junior stjernene i The BlackSheeps. For kven har vel ikkje gått rundt å enten nynna eller sunget Oro Jaska Beana denne hausten? Svært få tippar eg. Her spelar dei ein cover av Yeah Yeah Yeahs, Gold Lion.

Espen Lind tok med seg vandretrofeet Årets Spellemann. Ufortjent seier nokre. Men sånn er det no med den saken. Her er ein fin liten video om låtskrivaren og artisten Espen Lind.

Tags: , , , , , , , , , , , , , , , , ,

Del "Ein haug med spellemenn og kvinner"

Legg igjen en kommentar