Efterklang til filmen

Efterklang til filmen

Efterklang gjer album om til film.

Skrevet av:
Publisert 19:00 9 november, 2010

Danske Efterklang lanserte i dag ein teaser til filmen An Island, som dei har spelt inn i samarbeid med den franske filmskaparen Vincent Moon. An Island er bygd rundt Efterklangs siste album, Magic Chairs, og er ein fusjon mellom film og musikalsk eksperimentering.

Efterklangs Rasmus Stolberg fortel at bandet fyrst kom i kontakt med Moon i New York i 2009. Moon har tidlegare spelt inn filmar med mellom anna The National, Mogwai og Arcade Fire, og er også mannen bak dei så kalte «Take Away Shows» med ei lang rekke musikarar.  An Island er hans djupaste samarbeid med eit band til dags dato. Også for Efterklang er filmen ein milepæl.

- An Island er vårt absolutt største prosjekt til no. Det ligger mange måneders forberedelse og redigeringstid bak dette prosjektet,  men faktisk ble alt spillt inn på bare fire dager, sier Stolberg.

Sjå teaseren her:

Stolberg meiner at Moon har gjort Efterklang klar over fleire måtar å tenka musikk på. Deira Take Away-show i mars 2009 var eit vendepunkt for bandet.

- Ofte som band trur ein at alt skal vera perfekt. Det er noko tull. At ein skal ha de riktige guitar ampsa, det riktige lys, dei riktige kleda og så vidare.  Me stolar meir på oss sjølv no og det me kan bidra med i nuet.

Efterklangs Take Away-show:

An Island har premiere i februar 2011, og kjem til å gje lyttaren heilt nye versjonar av Efterklangs låtar. 200 gjestemusikarar har vore involvert, men Stolberg vil ikkje ut med korleis alle har bidratt – endå. Også kor og korleis filmen skal bli vist er foreløpig hemmeleg.

- Dette er det absolutt mest spanande ved prosjektet, men me kjem fyrst til å annonsera det i starten av neste år. Eg kan likevel avsløra at det vert utruleg demokratisk!

Efterklang har også gjort ein eigen session for Lydverket. Då vart me invitert inn på hotellrommet for ein versjon av «Natural tune»:

Tags: , ,

Del "Efterklang til filmen"

Legg igjen en kommentar