Det er ingen feberfantasti

Karin Dreijer er ikkje berre klar for Roskildefestivalen til sommaren – no er også den svenske dama klar for ein byfestival i Oslo. Det er Øyafestivalen som har gjort denne flotte bookingen.

Skrevet av:
Publisert 11:34 7 mars, 2009
Foto: MySpace

Foto: MySpace

Karin Dreijer er ikkje berre klar for Roskildefestivalen til sommaren – no er også den svenske dama klar for ein byfestival i Oslo. Det er Øyafestivalen som har gjort denne flotte bookingen.

Karin Dreijer Andersson er truleg mest kjent frå bandet The Knife som ho utgjer saman med sin bror. Men det er ikkje søsken-duoen som kommer til Middelalderparken om eit knappt halvt år. Ho kjem heller aleine, som soloartist under navnet Fever Ray.

Med sitt nye soloalbum ute, er ho meir personlig enn det The Knife og ho sjølv har vore tidlegare. Og der ho saman med sin bror, Olof Dreijer dominerte dansegulvene for tre år tilbake, er ho no langt meir svevande i utrykket. Det sjølvtittelerte albumet inneheld blant anna låta «If I Had A Heart», som du burde sjekke ut her. I både lyd og bilde format.

Syns du det er for lenge å vente heilt til august for å høyre kva denne dama har å by på, då burde du springe til nermaste platebutikk 18. mars. Det er då plata er å få kjøpt i butikken, men det skjønte du gjerne.

Tags: , , , , , , , ,

Del "Det er ingen feberfantasti"
 

2 kommentarer på “Det er ingen feberfantasti”

  1. og Fever Ray, eller Karin Dreijer Andersson, møter du i neste Lydverket sending på fjernsynet, onsdag 18. mars

  2. ... sier:

    Jeg merker jeg irriterer meg fryktelig over språket i artikkelen her.

Legg igjen en kommentar