Austin Dickinson stilte i Bleed From Within-t-skjorte då Rise To Remain vitja Lydverkets TV-innspeling i fjor. Foto: Tom Øverlie, NRK P3

Austin Dickinson stilte i Bleed From Within-t-skjorte då Rise To Remain vitja Lydverkets TV-innspeling i fjor. Foto: Tom Øverlie, NRK P3

Den vanskelegaste t-skjorta

Disney selde t-skjorter med Joy Division-trykk, og drog på seg fansens vrede. Ingen bør ikkje vera overraska – ein køddar ikkje med band-t-skjorter.

Skrevet av:
Publisert 14:37 26 januar, 2012

T-skjorta som du inntil nyleg kunne kjøpa i Disney sin nettbutikk.

Nyhenda om at Disney-konsernet var i full gang med å selje Joy Divison-t-skjorter, sendte denne veka strålebølgjer gjennom Internettet. Riktignok dreide det seg berre om ein disneyfisert versjon av det legendariske Unknown Pleasures-coveret, men kombinasjonen internasjonal underhaldningsgigant, med eit tungt familievennleg image, og ein gjeng britiske post-punk-pionerer, som mellom anna står bak tekstlinja «With children my time is so wastefully spent», kom likevel som eit sjokk for mange.

Etter kvart som merksemda kring plagget nådde ein viss storleik (det vil sei, det var veldig mange musikkbloggar som skreiv om det), bestemte Disney seg for å gje opp heile greia, og trakk stridens eple tilbake frå sin nettbutikk.

Så om du nokon gong har drøymt om å eiga ei t-skjorte som signaliserer at du likar Joy Division og Mikke Mus, håpar eg du var kjapp på avtrekkaren.

Det originale Unknown Pleasures-coveret.

At koplinga Disney/Joy Division skulle visa seg å vera ein dårleg idé, hadde ikkje vore spesielt vanskeleg å spå. Men kva er det eigentleg som gjer at folk engasjerer seg så valdsamt for t-skjorter med bandtrykk?

Det er få plagg som har så kompliserte kodar knytt opp mot seg som band-t-skjorter. At ein ikkje kan gå i kvit kjole om ein er invitert i bryllaup, er til dømes ganske greitt å forholda seg til. Dei fleste veit at ein ikkje kan dukka opp i politiuniform kortid som helst (i alle fall ikkje om ein ikkje er ein del av politiet). Men kan ein gå med Queens Of The Stone Age-t-skjorte på ein Foo Fighters-gig? Er det sosialt akseptert å kjøpe The Ramones-skjorta si på H&M? Fins det ei øvre aldersgrense for band-t-skjorter? Og i så fall, er det lov å gje fanden i akkurat den regelen?

Ikkje så greitt å sei.

Fallgruvene er mange, men den verste synden er sjølvsagt å gå i band-t-skjorte utan å vera stor nok fan. Går ein ut døra med Iron Maiden over brystkassa, må ein kunne gjere detaljert greie for omstenda t-skjorta vart kjøpt (aller helst på ein konsert), rangera bandet live-album (og grunngje vala dine), og halda eit mindre foredrag om Bruce Dickinson versus Blaze Bayley. På kort varsel.

Risikoen for å ikkje bli teke på alvor går sjølvsagt ned jo eldre du er, jo meir skjegg du har og jo fleire band du har spelt i. Dette er til dømes svært risikabel bruk av ei Ramones-t-skjorte. Dette er ikkje det.

Den intense jakta på posørar skaut for alvor fart på byrjinga av 2000-talet. Dette var tida gitarmusikken gjorde eit famøst comeback, Kate Moss vart knipsa med fedora-hatt og gummistøvlar på Glastonbury-festivalen, og kvar einaste it-jente med respekt for seg sjølv vart teke bilete av med band-t-skjorter frå det glade 1980-talet.

Resultatet var, ikkje uventa, ei ganske kraftig utvatning av det opphavlege bodskapet ei band-t-skjorta skulle stå for. Skiljet mellom verdige og uverdige bærarar av plagget vart forsterka, og for å hamna på rett side, var det heilt nødvendig at t-skjorta representerte eit band ein hadde eit sterkt forhold til. Den burde helst vera gammal, passe utslitt og utgangspunkt for minst éi artig konsert-anekdote.

Det seier seg sjølv at det er vanskeleg å innfri desse krava dersom t-skjorta er kjøpt på Disney sin nettbutikk.

It's only rock'n'roll? Foto: Dressmann.

Eller H&M. Eller Dressmann, som for eitt år sidan inngjekk eit samarbeid med Rolling Stones om retten til å bruka bandets låtar i TV-reklame, distribuera eit eksklusivt samlealbum – og selga Stones-t-skjorter i sine butikkar.

Kult for nokon, for andre det ultimate bevis på at rocken har køyrt seg i grøfta – og vert halde nede av kapitalismens klamme grep¹.

Eller som Arturo Vega, mannen bak The Ramones sin ikoniske logo , har sagt det:

- Problemet er at t-skjortene viste seg å vera meir populære enn musikken. (…) Det er rockens bedrøvelege tilstand for tida. Det er eit produkt som vert brukt til å selja andre produkt.

Det er vanskeleg å ikkje kjenna på alt dette, og resultatet er gjerne at den band-t-skjorta legg seg litt vel tungt over skuldrene. Sjølv sitt eg berre inne med eit svært beskjedent utval band-t-skjorter – for tida er forvist til det innerste hjørna av den nederste kommodeskuffa.

Saman utgjer dei ei ganske merkeleg forsamling, som ikkje minst gjer ein ganske dårleg jobb med å representera min eigen musikksmak (i alle fall per dags dato): Jimi Hendrix, kjøpt på min fyrste tur til London på tidleg 2000-tal. The Cumshots, magekort og med «Just quit trying»-trykk over brystet (dårlegare oppsummering av mitt 17 år gamle eg skal ein leita lenge etter. «Try really really hard» hadde vore langt meir dekkande).

Mötorhead er sjølvsagt òg til stades, men maltraktert av eit forsøk på å klippa av halslinningen (du veit, for å få den litt slitte looken). Det same er Guns N Roses , men den var av så absurd dårleg kvalitet i utgangspunktet (Slash såg ut som bestemor i flosshatt) at det eigentleg ikkje gjorde noko frå eller til.  Og mitt foreløpig siste kjøp: Bruce Springsteen, i svart siluett mot kvitt bomullsstoff, påspandert av pappa då sjefen sjølv (Bruce, altså. Ikkje pappa) var i Oslo sist.

Det byrjar å bli ei stund sidan nokon av dei har sett dagslys. Men ein kastar vel aldri band-t-skjorter?

¹I tilfellet Disney/Joy Division, høyrer det riktignok til historia at a) dei tidlegare Joy Division-medlemmane ikkje har eintydig eigedomsrett til Unknown Pleasures-trykket, og difor ikkje vart kontakta for å godkjenna t-skjorta, b) bassist Peter Hook eigentleg ikkje syns det var så farleg og c) trommer Steve Morris syns det er ganske farlig.

Tags: , , , , , ,

Del "Den vanskelegaste t-skjorta"
 

20 kommentarer på “Den vanskelegaste t-skjorta”

  1. Lignet en go del på t-shirt/genseren til Trænafestivalen for et par festivaler siden…

  2. Tom Stang sier:

    Apropos band t-skjorter: http://www.nrk.no/lydverket/rihanna-hedrer-2pac-med-knoketatovering/

  3. arian.ajvazi95 sier:

    En annen regel jeg har hørt er at man ikke kan ha Marky på Ramones skjorten, det må stå Tommy… der går grensen for meg. Man skal så klart bruke band t-skjorten med stolthet, men man trenger ikke å være nazi heller.

  4. arian.ajvazi95 sier:

    En annen regel jeg har hørt er at man ikke kan ha Marky på Ramones skjorten, det må stå Tommy… der går grensen for meg. Man skal så klart bruke band t-skjorten med stolthet, men man trenger ikke å være nazi heller.

  5. arian.ajvazi95 sier:

    En annen regel jeg har hørt er at man ikke kan ha Marky på Ramones skjorten, det må stå Tommy… der går grensen for meg. Man skal så klart bruke band t-skjorten med stolthet, men man trenger ikke å være nazi heller.

  6. Egil Snøva sier:

    Kremt en kødder ikke med Disney-varemerker heter det

  7. Anonym sier:

    Om dere bare i alle fall kunne holde dere vekke fra oppslagssida, med erketullet deres.

  8. Anonym sier:

    Om dere bare i alle fall kunne holde dere vekke fra oppslagssida, med erketullet deres.

  9. Anonym sier:

    Og dette er altså det samme Disney-firmaet som truet med sak mot skaperne av Arne Anka fordi de var så frekke at de lagde en tegneserie med en menneskelig and… Dobbeltmoralen lenge leve!!!

  10. Anonym sier:

    ingen bør ikke være overrasket? vi bør være overrasket altså. jeg vet ikke hva jeg er; litt likegyldig kanskje. mest likegyldig.
    Jeg beklager,men jeg måtte kommentere. Lett å bli frustrert; jeg blir dessuten litt lei meg

  11. Anonym sier:

    ingen bør ikke være overrasket? vi bør være overrasket altså. jeg vet ikke hva jeg er; litt likegyldig kanskje. mest likegyldig.
    Jeg beklager,men jeg måtte kommentere. Lett å bli frustrert; jeg blir dessuten litt lei meg

  12. Anonym sier:

    ingen bør ikke være overrasket? vi bør være overrasket altså. jeg vet ikke hva jeg er; litt likegyldig kanskje. mest likegyldig.
    Jeg beklager,men jeg måtte kommentere. Lett å bli frustrert; jeg blir dessuten litt lei meg

  13. Anonym sier:

    Takk for tipset, fant den på ebay!

  14. Helge sier:

    Maria, jeg vedder studielånet mitt på at du aldri har hørt to Maiden-fans diskutere Dickinson-Blaze Bayley. Det er ikke en debatt som noen Maiden-fan noensinne har hatt. Ever. Paul Di’Anno har sin plass i hjertet til mange, men ingen tenner lys for Blaze Bayley

  15. Selvsagt kan man gå med QOTSA t-skjorte på FF-konsert! Dave har jo spilt med QOTSA og har til og med et sideprosjekt med Josh Homme kalt Them Crooked Vultures. Så det er ikke akkurat det beste eksemplet…. ;)

  16. Svendzie sier:

    Og her er hvor Joy Devision tok sitt fra! http://adamcap.com/wp-content/uploads/2011/05/cp1919-joy-division.jpg

    De har ikke laget cover-arten selv, «fansen» har ikke noe de skulle sagt.

  17. Svendzie sier:

    Og her er hvor Joy Devision tok sitt fra! http://adamcap.com/wp-content/uploads/2011/05/cp1919-joy-division.jpg

    De har ikke laget cover-arten selv, «fansen» har ikke noe de skulle sagt.

  18. john hegre sier:

    Det er mye tull og vas her på P3. Hvis man egentlig ikke har noe å skrive om så burde det kanskje være et alternativ å la være å skrive noe.

Legg igjen en kommentar