Dei nye filmstjernene

Det er tydelegvis trendy å lage musikalske dokumentarfilmar om dagen. For ikkje å snakke om å gå frå musiker til dokumentarfilmstjerne. Eksempla er så mange. Og no er det endå fleire filmar på veg. Vi skreiv i forrige veke om dokumentarfilmane til både Arcade Fire og Röyksopp. Tidlegare har vi skrive om både Sigur Rós, […]

Skrevet av:
Publisert 10:00 12 april, 2009
Conor Oberst and The Mystery Valley Band Foto: MySpace

Conor Oberst and The Mystic Valley Band Foto: MySpace

Det er tydelegvis trendy å lage musikalske dokumentarfilmar om dagen. For ikkje å snakke om å gå frå musiker til dokumentarfilmstjerne. Eksempla er så mange. Og no er det endå fleire filmar på veg.

Vi skreiv i forrige veke om dokumentarfilmane til både Arcade Fire og Röyksopp. Tidlegare har vi skrive om både Sigur Rós, Oasis, Justice og sikkert ein heil del andre band og artistar som har gått til filmen. Og det er enda fleire artistar, som skal bli stjerner i kommande dokumentarar. Blant andre Devendra Bahnhart og Johanna Newsom i filmen The Family Jams. Og Bananaz som tar for seg teikneseriebandet Gorillaz.

Men før det, så kjem filmen One Of My Kind. Om Conor Oberst and The Mystic Valley Band, laga av gitarteknikeren deira Phil Schafart. Filmen følger Oberst og bandet gjennom dei siste 18 månadane, der vi blant anna får vere med på innspelinga  av den kommande plata Outer South (som kjem 4. mai).

Filmen vert lagt ut på denne sida 15. april (kommande onsdag), men før det kan du jo sjekke ut traileren på samme side. Og finne ut kva vi har i vente.

Del "Dei nye filmstjernene"

Legg igjen en kommentar