Lemâitre på by:Larm 2012. Foto: Tom Øverlie, NRK P3.

Lemâitre på by:Larm 2012. Foto: Tom Øverlie, NRK P3.

Lemâitre - Stratos, by:Larm 2012

Dans som om det var 2008

Elektronikaduoen Lemâitre har eit stykke att før dei er eit fullgodt liveband.

Skrevet av:
Publisert 0:10 17 februar, 2012

Oslo-duen Lemâitre – sett saman av Ulrik Denizou Lund og Ketil Jansen - har i raskt tempo dratt på seg omtale av typen «Noregs mest lovande elektronika-act» – i alle fall om ein skal tru presseskriva. Finaleplass i Årets Urørt og ei festivalbooking-liste i vekst støttar opp under påstanden, men som kveldens by:Larm-konsert gjorde klart: dei har framleis ein del å gå på.  

No må  det seiast at to fyrar på el-gitar, synth og digitalt trommesett er ikkje den best eigna besetninga til å blåsa publikum overende sånn reint sceneshowmessig – i alle fall ikkje eit publikum som knapt tek av seg ytterjakka, og i endå mindre grad er interesserte i å starta eit dansegolv. Ein hardare sjarmoffansiv frå Lund og Jensens side kunne moglegens kompensert for dette, men foreløpig er det meste av dette aspektet lagt i hendene til eit (på alle måtar måtar strålande) laseropplegg.

Musikalsk lener Lemâitre seg tungt mot artistar som Daft Punk, Justice og Phoenix – referansar som på ingen måte kjennes friske i det herrens år 2012, og som heller ikkje vert behandla med påfallande oppfinnsamheit. At bandet på inga måte er blotta for ei viss digtalt nerve, er samstundes openbart. På sitt beste kombinerer dei øm melodiføring med eit valdsamt elektronisk driv, på ein måte som fort kan få deg til å lengta etter eit svett dansegolv på eit eller anna studentsamfunn.

Problemet ligg fyrst og fremst i at ein ikkje vert kvitt kjensla av at ein står og ser på ei gruppe som eigentleg ikkje har tenkt så mykje på at dei kanskje ein gong må framføra musikken sin live. Det teknisk klusset som leier inn i ein heller uelegant avslutning av settet vert såleis ei talande understreking bandets behov for meir sjølvtillit i livesamanheng.

Tags: , , ,

Del "Dans som om det var 2008"
 

1 kommentar på “Dans som om det var 2008”

  1. Ja, jag må dessverre si at Lemâitres opptredende på Urørtfinalen var det j********e jag har hørt. Bugges kommentar om at de «spelade sådær skønt falskt, lite tysk indie-electro» , var otroligt fånig. De spelade suuuurt. Liker studioversjonen. Kan bli veldigt bra.

Legg igjen en kommentar