Beyoncé på scena under gårsdagens BMA. (Foto: Ethan Miller/Getty Images, ABC)

Beyoncé på scena under gårsdagens BMA. (Foto: Ethan Miller/Getty Images, ABC)

Damenes aften

Rihanna i lenker, Britney på autotune, lap dance frå Nicki Minaj, eller girl power à la Beyoncé? Billboard Music Awards hadde alt.

Skrevet av:
Publisert 12:45 23 mai, 2011

Søndags kveld gjekk Billboard Music Award av stabelen i Las Vegas. Prisar, kjolar og framføringar kjempa som vanleg om merksemda under det stjernespekka showet, der Justin Bieber og Eminem vart dei største vinnarane.

Les meir om årets vinnarar her!

Men jentene hadde ikkje tenkt å la det heile fara utan kamp. Rihanna gjekk på scena for å framføra den Stargate-produserte singelen «S&M», og både antrekk og koreografi overlot salig lite til fantasien. Med lårhøge støvlettar og henda i lenker lot ho seg beføla av dei mannlege dansarane, medan skiljet mellom skrittet hennar og publikum var redusert til det minimale. Og skulle du sett – ei maskekledd Britney Spears dukkar opp for å bistå på sisteverset. Diverre kan det høyrast ut som det lite dekkande sceneantrekket har gjort Spears ein smule forkjøla, men heldigvis har produsentane teke visse førehandsreglar når det kjem til Spears stemmeprakt. Det heile endar for øvrig i poledance og putekrig.

Nicki Minaj har òg lært seg eit par triks frå den lokale strippeklubben, og framføringa av hennar siste singel «Super Bass» kulminerte sjølvsagt i hennar etter kvart så berykta lapdance. Ikkje Nicki Minaj sin beste liveopptreden -  spesielt ikkje når ein sitt med den sensurerte versjonen som dokumentasjon – men ho har i det minste snudd litt på det seksuelle maktforholdet, samanlikna med Rihanna. Og når «Super Bass» går over i Nicki sitt vers på remiksen av «Till The World Ends», får Britney Spears nok eit høve til å entra scena. Forkjølinga har tydelegvis gått frå frå vondt til verre, for her er ingenting overlatt til tilfeldighetane.

Men dei eldste er framleis eldst. Beyoncé vart kveldens dronning, med tildelinga av hedersprisen Billboard Millenium Awards. Ho framførte også  «Run The World (Girls)», singelen frå hennar komande album 4, for aller fyrste gong, og jenter: Slik skal det gjerast.

Dersom du er nysgjerrig på kva anna 4 har å by på, kan du gå hit og høyra «Till The End Of Time». Det er framleis ikkje stadfesta at låta faktisk kjem til å vera med på albumet, men ein peikepinn er ein peikepinn.

Tags: , , , , , , , ,

Del "Damenes aften"

Legg igjen en kommentar