Bruce Springsteen og Neil Young slenger på håret

Bruce Springsteen og Neil Young slenger på håret

Covrar Willow Smiths «Whip My Hear». Eller, antakeleg ikkje. Men herregud for eit klipp!

Skrevet av:
Publisert 12:04 17 november, 2010

I går kveld var Bruce Springsteen gjest hos talkshow-vert Jimmy Fallon.Heile programmet var via The Boss, som er i full gang med å promotera utgivinga av The Promise, albumet som vart spelt inn før Darkness on The Edge of Town, men som av fleire grunnar aldri såg platebutikkens lys.

Springsteen framførte to låtar for publikum: Den alltid fantastiske «Because The Night», og «Save The Night», ein av dei aldri før utgitte songane frå The Promise. Dette hadde i og for seg vore nok til å gjera kvelden minneverdig, men Jimmy Fallon hadde nok eit kort opp i ermet:

Showet vart nemleg avslutta av at Fallon sjølv, med ei svært treffsikker imitering av Neil Young, slo til med ein ektefølt cover av Willow Smiths superhit «Whip My Hair». Og ikkje nok med det: Bruce Springsteen vart òg med på moroa. Skulle me i alle fall ynskja. For om me er heilt ærlege, er det ein unaturleg stiv og godt maskert Springsteen som inntek scena med Telecasteren sin. Truverdig? Berre nesten.

Spørsmålet som gjenstår, er då sjølvsagt: Kven er Bruce Springsteen?! Og ikkje minst: Er dette sånn det ville høyrast ut dersom Springsteen & Young tok ein Willow?

Døm sjølv!

Til samanlikning: Den garantert ekte Bruce Springsteen framfører «Save My Love»:

Tags: , , , , ,

Del "Bruce Springsteen og Neil Young slenger på håret"
 

7 kommentarer på “Bruce Springsteen og Neil Young slenger på håret”

  1. Pål Elnan sier:

    Jeg er 110 %, pluss/minus 11 %, sikker på at det er Bruce selv.

  2. Moosa sier:

    Enig.
    Det er Bruce som selv spiller en yngre utgave av Bruce.

  3. Per sier:

    Jeg tror også det er sjefen sjøl. Ser ut som 1975 utgaven av springsteen. Han har samme looken på hammersmith Odeon konserten. Ser ut som en ung Young og en ung springsteen:)
    Han parodierer også seg selv med den gråve stemmen. Godt han har selvironi.

  4. Greger sier:

    Det står «Covrar Willow Smiths “Whip My Hear”» i den inledende teksten. Pent.

  5. Jøran Lien sier:

    Det var Bruce,sjekk litt lenger ned på siden fra denne linken. http://www.backstreets.com/news.html

  6. [...] Bruce Springsteen gjorde ein minneverdig figur på Jimmy Fallon denne veka, men han er langt frå den einaste musikaren som gladeleg tyr til populære talk show eller musikkprogram for å promotera seg sjølv. Sjå eit knippe av vekas beste opptredenar under! [...]

Legg igjen en kommentar