Boss i Bergen
Det har vore mykje blæst rundt musikklivet i Bergen den siste tida. Og store navn som Depeche Mode og Coldplay er alt booka til vestlandsbyen. No hiver også Bruce Springsteen seg på den nye ‘Bergensbølgen’, og setter dermed kursen mot vårt langstrakte land til sommaren. Med ny plate rett rundt svingen er The Boss igjen […]
Det har vore mykje blæst rundt musikklivet i Bergen den siste tida. Og store navn som Depeche Mode og Coldplay er alt booka til vestlandsbyen. No hiver også Bruce Springsteen seg på den nye ‘Bergensbølgen’, og setter dermed kursen mot vårt langstrakte land til sommaren.
Med ny plate rett rundt svingen er The Boss igjen klar for Norgesbesøk. Denne gangen tar han med seg det magiske The E Street Band til Bergenshus Festning, Koengen for å gjere dei to einaste konsertane i Norge dette året.
Er du fan av sjefen sjøl, så bør gjere deg klar til billettkampen som startar mandag 26. januar kl 09.00. Dagen før plata blir lagt ut for salg altså. Og dei magiske datoane for Working on a Dream turneen er tirsdag 9. juni og onsdag 10. juni. Alle dei fire siste konsertane han har gjort her på berget har blitt utsolgt, og med ‘berre’ 22.000 billettar som vert lagt ut for salg, må ein hive seg rundt for å få billett denne gangen også.
Koengen er den minste konsertarenaen på verdensturneen, så publikum vil få oppleve det nermeste ein kan komme ein intimkonsert med Bruce Springsteen and The E Street Band.
Tidlegare denne månaden vant Springsteen ein Golden Globe for Best Original Song for låta The Wrestler i filmen med samme navn. Søndag 1. februar skal han saman med The E Street Band opptre i pausen på verdas største idrettsbegivenheit, Superbowl-finalen i USA.
Så, er det nokon tvil om kven som er sjefen eigentleg?
Tags: Bergensbølgen, bergenshus festning, bruce springsteen, Coldplay, Depeche Mode, Koengen, konsert, Live, Musikk, sjefen, The Boss, the e street band, Working On A Dream
Hele albumet kan høres her: http://www.npr.org/templates/story/story.php?storyId=99173117&ps=bb1