Bigbang på Storåsfestivalen 2009. Foto: Marius Hjeldnes, NRK P3

Bigbang på Storåsfestivalen 2009. Foto: Marius Hjeldnes, NRK P3

Bigbang på skraphaugen

Neste månad kjem Bigbang med albumet Epic Scrap Metal. Bli med inn i studio, og høyr utdrag frå to nye låtar her!

Skrevet av:
Publisert 12:01 14 februar, 2011

4. mars kjem Epic Scrap Metal, Bigbangs fyrste album sidan Edendale frå 2009. Sidan den gong har Øystein Greni bygd seg studio i hagen sin i LA, og i ein serie klipp som kjem til å bli lagt ut på bandets YouTube-kanal, inviterer han fansen inn for å fortella om det nye albumet og korleis det er blitt til.

I den fyrste «episoden» forklarar kva som ligg bak platas tittel, i tillegg til at du kan høyra delar av to nye låtar. Nye klipp kjem til å bli lagt ut kvar onsdag, fredag og søndag framover, så følg med!

Du kan også bli med inn i Grenis studio i Lydverkets tv-sending 24. februar, 21.30 på NRK2!

Bigbang har brukt mykje tid på det amerikanske markedet dei siste åra, der dei mellom anna har promotert USA-debuten From Acid To Zen. Heimlandet er likevel ikkje gløymt, og i fjor var «Cigarettes» frå det komande albumet med på soundtracket til den norske filmen Tomme Tønner To. Sjå innspelingsopptaket her:

Del "Bigbang på skraphaugen"
 

3 kommentarer på “Bigbang på skraphaugen”

  1. [...] This post was mentioned on Twitter by Asbjørn Slettemark, NRK Lydverket, EMI Music Norway, jonse2k, Silje Larsen Borgan and others. Silje Larsen Borgan said: Sjekk videos fra det kule, skrotnissete studioet til Øystein Greni i LA! http://www.nrk.no/lydverket/bigbang-pa-skraphaugen/ #skrotnisser [...]

  2. Jim André sier:

    Awesome! :D
    digger Big Bang! :D

  3. [...] Epic Scrap Metal kommer ut 4. mars. Er du nysgjerrig på innspillingsprosessen, ta en titt her! [...]

Legg igjen en kommentar