Beg, steal, borrow or buy

Ifølge ei melding på heimesidene til Ian Brown er hans beste album til no klart til å bli sluppet 28. september. Plata som skal heite My Way skal ifølge han sjølv innehalde noko for alle. På hans eiga side blir ein nemleg møtt med ein handskriven lapp, der Brown altså skryter hemningslaust over si nye, […]

Skrevet av:
Publisert 22:00 2 august, 2009
foto: MySpace

Ian Brown foto: MySpace

Ifølge ei melding på heimesidene til Ian Brown er hans beste album til no klart til å bli sluppet 28. september. Plata som skal heite My Way skal ifølge han sjølv innehalde noko for alle.

På hans eiga side blir ein nemleg møtt med ein handskriven lapp, der Brown altså skryter hemningslaust over si nye, kommande plate. Og oppfordrar alle til å «beg, steal, borrow or buy» denne. Så lenge ein får den med seg er han fornøgd. Og er du nysjerrig på kva som er i vente på dette mesterverket (?), så kan du surfe innom denne linken for å høyre ein stream av låta «Just Like You».

Tags: , , , ,

Del "Beg, steal, borrow or buy"

Legg igjen en kommentar