Barnsleg glede
Komikar og skodespelar Donald Glover meiner alvor som rapartist. Last ned Childish Gambinos siste EP og bli overbevist.
Donald Glover er akkurat så talentfull at du kan begynne å hate han for det: Han er av tekstforfattarane bak suksesserien 30 Rock, ein populær stand up-komikar, og skodespelar i NBC-serien Community. På toppen av dette er han på veg til å gjera det bra som rapper.
Under artistnamnet Childish Gambino har han gitt ut mixtapes sidan 2008, i tilegg til å samarbeida med ei rekke andre artistar. Nyleg kunne ein høyra han legge vers på Jamie xxs remiks av Adeles «Rolling In The Deep»:
Denne veka la Glover ut den fem låter lange epen EP, som du kan laste ned gratis her. Rim som «My swag Jehovah Witness, dude, it never take a holiday» er i seg sjølv god nok grunn til å trykka på nedlastingsknappen, og fans av rapparar som Lil’ Wayne, Kid Cudi og Kanye West bør heller ikkje bli skuffa.
Eit par av låtane har vore tilgjengelege ei stund, og «Freaks And Geeks» har sogar fått sin egen video:
Tags: 30 rock, Childish Gambino, donald glover, Ep, freaks and geeks, last ned
Donald Glover er jo rå/awesome. Jeg synes han var rå før jeg hørte om hans musikalske side, med blant annet Community, 30 Rock, Derrick Comedy og #donaldforspiderman. Nå har han blitt helten min. Bra EP!
Han har også et par musikalske opptredener i Community sammen med Danny Pudi (& Betty White):
http://www.youtube.com/watch?v=H4hvZkBpUJs&feature=related
http://www.youtube.com/watch?v=02dbxYYcE1c
Fuck Macauley Culkin/ never going home alone.
Som Pal nevnte er Donald Glover megakul og megadyktig. Om jeg ikke husker feil driver han også med stand up. Han sluttet forøvrig å skrive 30 Rock etter første sesong (for de som lurte på det)