Arctic Monkeys med videoblogg

Arctic Monkeys øvar inn ny musikk og covrar Lady GaGa`s «Poker Face»… Ein liten video av gjengen i Arctic Monkeys har dukka opp på verdsveven. Eller rettare sagt, på YouTube. Videoen inneheld litt av kvart. Blant anna guttane som tullar rundt, covrar Lady GaGa, øvar inn nytt materiale og eit tilfeldig besøk innom ein protest […]

Skrevet av:
Publisert 13:00 22 mars, 2009

Arctic Monkeys øvar inn ny musikk og covrar Lady GaGa`s «Poker Face»…

Ein liten video av gjengen i Arctic Monkeys har dukka opp på verdsveven. Eller rettare sagt, på YouTube. Videoen inneheld litt av kvart. Blant anna guttane som tullar rundt, covrar Lady GaGa, øvar inn nytt materiale og eit tilfeldig besøk innom ein protest utanfor The Royal Bank Of Scotland. Trommeslagaren Matt Helders guidar oss gjennom videoen, og kan fortelle at tredjeplata er på veg til å bli ferdig. Men at det fortsatt er mykje igjen å spele inn. Men vi kan då begynne å glede oss alt no… Og kanskje får vi høyre mykje nytt frå gjengen når dei kjem til Middelalderparken i august. Jippi!

Sjå videoen sjølv her:

[youtube dwWWn_Fob5k]

Tags: , , , , , ,

Del "Arctic Monkeys med videoblogg"
 

2 kommentarer på “Arctic Monkeys med videoblogg”

  1. asbjørn sier:

    Kanskje lese korrektur i tittelen?

  2. Geng sier:

    Hva i faen var det bildet av på forsida? Ikke Arctic Monkeys, i alle fall.

    Helders er et komisk geni i disse videobloggene!

Legg igjen en kommentar