Amy Winehouse signa 13-åring

Det er sjelden stille rundt livet til Amy Winehouse, og det er alltid nokre rykter rundt ho vi kan snakke om. Dersom ein skulle gå opp for samtaleemner. Og det siste nye i Amy-verden er at ho skal starte sitt eget plateselskap. Og første utgivelse på selskapet kjem frå ein 13-åring. Og den første artisten […]

Skrevet av:
Publisert 16:03 19 januar, 2009
Foto: NRKP3/ Kim Erlandsen

Amy Winehouse på Hovefestivalen `07 Foto: NRKP3/ Kim Erlandsen

Det er sjelden stille rundt livet til Amy Winehouse, og det er alltid nokre rykter rundt ho vi kan snakke om. Dersom ein skulle gå opp for samtaleemner. Og det siste nye i Amy-verden er at ho skal starte sitt eget plateselskap. Og første utgivelse på selskapet kjem frå ein 13-åring.

Og den første artisten som er blitt signa til Amy`s plateselskap Lioness, er hennar 13 år gamle guddatter Dionne Bromfield. Og i tillegg til å bruke ein heil haug med pengar på å få labelen på beina, har ho hyra inn Lady Gaga, Lemar og Eoghan Quigg som var finalist i The X Factor 2008 til å bidra på plata til frøken Bromfield. Og ikkje nok med det, så bidrar divaen også både med låtskriving og duettar.

13 åringen har sjølv uttalt til News Of The World at ho hadde tilbud frå mange plateselskap, men ho viste ikkje kor ho skulle gå (kanskje ikkje så rart når ein berre er i startfasen av tenåra). Så det at den turbulente artisten har tatt ho inn i stallen sin, betyr mykje for den talentfulle tenåringen.

Og første utgivelse frå frøken Bromfield og Lioness ryktast å komme i mars.

Tags: , , , , , , ,

Del "Amy Winehouse signa 13-åring"

Legg igjen en kommentar